Eggedosis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein kopp eggedosis.

Eggedosis er ein matrett eller ingrediens laga av stivpiska rå egg eller eggeplommer) og sukker.[1]

Eggedosis som rett er ein luftig krem som kan smakast til med til dømes vaniljesukker eller kakaopulver eller etast med bær. Det er særleg vanleg å servera eggedosis på den norske nasjonaldagen, 17. mai.

I fromasj, isparfait og kaker som sukkerbrød og liknande er eggedosis ein av dei viktigaste ingrediensane.

Eggedosis er ulovleg å selja i mange land, på grunn av fare for salmonella og andre smittefarer i rå egg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]