Egil Andersen Hylleraas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Egil Andersen Hylleraas
EgilHylleraas.jpg
Fødd15. mai 1898
Engerdal
Død28. oktober 1965
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar, professor, teoretisk fysikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemKungliga Vetenskapsakademien

Egil Andersen Hylleraas (fødd 15. mai 1898 i Engerdal, død 28. oktober 1965) var ein norsk fysikar. Hylleraas vart internasjonalt kjend for arbeida sine den tida då den moderne kvantefysikken vart utforma, og han var den første som underviste systematisk i kvantefysikk i Noreg. Han er òg kjend for arbeidet sitt med tilnærma løysing av Schrödingerlikninga for to-elektron-atom (He, H-, Li+, Be++) på slutten av 20-talet. Han samarbeidde med og vart rettleia av stordomar som Max Born og Hans Bethe.

I 1931 vart han valt til medlem av Chr. Michelsens Institutt i Bergen. Han var professor i teoretisk fysikk ved Universitetet i Oslo frå 1936 til 1965.

Egil Hylleraas skreiv kring 75 vitskaplege avhandlinga og fleire hundre artiklar av populærvitskapeleg, filosofisk, historisk og biografisk innhald. Eit utval av det vitskaplege arbeidet hans vart gjeve ut i to bind etter han døydde. Hylleraas gav ut ei omfattande lærebok i teoretisk fysikk og ei populær bok, Atomene, forskningens vei mot ukjent land i 1947. I 1939 starta han tidsskriftet Fra fysikkens verden og var redaktør for dette til 1956.

Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi (1930), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (1955) og fleire utanlandske vitskapsselskap. Han mottok Gunnerus-medaljen frå DKNVS i 1960 og vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 1964.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]