Egil Bergsland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Egil Bergsland
Fødd2. september 1924
Død12. oktober 2007 (83 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Egil Bergsland (2. september 192412. oktober 2007) var ein norsk politikar frå Notodden i Telemark. Han representerte Telemark og ArbeidarpartietStortinget perioden 1977-81.

Bergsland var son til ein industriarbeidar. Sjølv tok han til å arbeide i Norsk Hydro A/S i 1946 og var tilsett i industriselskapet til 1985. Frå 1962 hadde han ymse kontorjobbar, personalsjef 1973-76 og assisterande direktør 1976-85.

Bergsland var heradsstyremedlem for Arbeidarpartiet i Heddal 1956-64, frå 1960 med plass i formannskapet. Etter kommunesamanslåing i 1964 var han varaordførar i Notodden kommune 1964-67 og ordførar 1972-75. Han var med i fylkestinget i Telemark 1964-67 og frå 1972 til 1993, dei siste 14 år som medlem i fylkesutvalet. Stortingsperioden 1977-81 var han vald inn frå Telemark. På Tinget var han medlem i Kommunal- og miljøvernkomiteen.

Bergsland hadde ei mengd tillitsverv, både offentlege og i samfunnslivet elles..

Kjelder[endre | endre wikiteksten]