Egil Ulvan Rederi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Egil Ulvan Rederi


Egil Ulvan Rederi sitt største skip, MS «Oddrun With». Sjå dette på Wikidata
Org.formAksjeselskap
Org.nr.930722367
BransjeSjøfart
Skipa8. september 1977
EigarEgil Oddvar Ulvan
Eigenandel iMS «With Frohavet», MS «With Marine», MS «With Harvest», MS «Mikal With», MS Oddrun With
HovudkontorTrondheim
LandNoreg[1]
Produktlogistikk
Grunnleggjar(ar)Edvard Olaus Mikalsen Ulvan
Dagleg leiarEgil Oddvar Ulvan
Nettstadhttps://ulvan-rederi.no/ (bokmål)
With Junior (nr.5) - Enno i drift
With Frohavet - Enno i drift
Kristian With - Enno i drift

Egil Ulvan Rederi er eit norsk familiereiarlag som vart skipa i 1919. I dag vert reiarlaget drive av tredje og fjerde generasjon far og son.

Fyrste båt i reiarlaget var trekuttaren «Frohavet». Reiarlaget tente gode pengar på transport og sal av skrei i Lofoten, og utvida etter kvart flåten sin med skipet «Demring», som dei seinare omdøypte til «Erik With». Sidan dette har reiarlaget vakse med mange skip, og dei har fast kontrakt frå blant anna Mowi. Egil Ulvan Rederi har over 30 faste anløpte i inn- og utland. Skipa deira er moderne, og spesialiserte for stykkgods og fiskefor. Hovudkontoret ligg i Trondheim. Reiarlaget har 12 tilsette i administrasjonen, og over 100 tilsette totalt.[2][3]

Tenester[endre | endre wikiteksten]

Frakt av stykkgods[endre | endre wikiteksten]

Egil Ulvan Rederi AS har hovudsakleg tre faste stykkgodsruter. Desse er betente av With Junior, With Nord, Kristian With og With Frohavet.[4]

  • With Junior seglar 14 dagars rundturar mellom Stavanger / Fiskå og Tromsø. Stykkgods på nordgående og stykkgods, kjøl og frys på sørgående.
  • With Frohavet seglar 14 dagars rundturar mellom Stavanger og Tromsø.
  • Kristian With seglar 14 dagars rundturar mellom Fredrikstad og Tromsø.
  • With Nord seglar 14 dagars rundturar mellom Ålesund og Alta/Smalfjord.

Frakt av lystbåtar[endre | endre wikiteksten]

Egil Ulvan Rederi AS tilbyr frakt av lystbåtar i ulike storleikar. Dei fire stykkgodsskipa nemnt i avsnittet over er utstyrt med kranar for tungløft.[5]

Frakt av fiskefôr[endre | endre wikiteksten]

Egil Ulvan Rederi AS driv tre skip som fraktar fiskefôr langs norskekysten. Båtane er utvikla i samband med Mowi. Reiarlaget leverer fiskefôr med fartøya With Harvest, With Marine og Mikal With.[6]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Reiarlaget vart etablert i 1919. I 1955 skilde sonane Mikal og Edvin lag. Mikal heldt fram med Frohavet, og Edvin dreiv fiske med Erik With. Egil Ulvan Rederi bygde sin første stålbåt, «With Junior», i 1966. R eiarlaget byrja etter dette å gå i fast rute langs kysten. Dette skipet var det fyrste skipet med namn With Junior, som seinare vart brukt på fleire av skipa til reiarlaget. I 1977 overtok reiarlaget eit til skip, «Snertholm», skipet vart omdøypt til «With Junior 2». Seinare, i 1994, overtok Egil Ulvan Rederi skipa Tresnes. Tresnes vart seinare døypt om til Mikal With. Reiarlaget fekk kontrakt med Ewos, Biomar og Stormøllen. Detta gav grunnlag til ei ny 14 dagar lang rute, Stavanger-Tromsø. I 1999, vart skipa With Junior bygd for reiarlaget. Dette vart omtalt som det meste moderne stykkgodsskipet langs kysten på denne tida. Mikal With (nr.2) vart i 2002 levert som nybygg frå Vaagland Båtbyggeri. I 2005 vart Kristian With levert frå Vaagland Båtbyggeri. Det vart i tillegg kontrahert fem fryseskip av Eimskip. I 2009 var With Junior (nr. 5) klår, og er i dag enno i drift som den einaste "levande" With Junior for reiarlaget.

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

  • 1919: Egil Ulvan Rederi vert etablert.
  • 1955: Sonene Mikal og Edvin skil lag.
  • 1966: Reiarlaget byggjer sin fyrste stålbåt, With Junior.
  • 1977: Egil Ulvan Rederi overtek Snertholm, seinare With Junior 2.
  • 1994: Reiarlaget overtek Tresnes, seinare Mikal With.
  • 1997: Mikal With vert første båt i Noreg med losseanlegg for fiskefôr.
  • 1998: Endå eit skip vert skaffa, også dette får namn With Junior. (nr.3)
  • 2002: Reiarlaget utvidar kapasiteten med nytt skip, Mikal With (nr.2)
  • 2005: Kristian With vert levert til rederiet.
  • 2009: Reiarlaget får nytt nybygg, With Junior (nr.5).
  • 2011: Kjøp av brukt båt, sett inn Oslofjorden-Tromsø.
  • 2014: To stykk fôrbåter vert levert til reiarlaget.
  • 2017: Reiarlaget overtek Silver River, vert omdøypt til With Frohavet.
  • 2018: Reiarlaget overtek MV Eidsvaag Junior, vert omdøypt til With Nord.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. https://w2.brreg.no/enhet/sok/detalj.jsp?orgnr=930722367; Einingsregisteret; vitjingsdato: 10. juli 2021; utgjevar: Brønnøysundregistra.
  2. «Om Egil Ulvan Rederi AS – Egil Ulvan Rederi AS». Henta 9. april 2021. 
  3. «Egil Ulvan Rederi AS - 930722367 - Trondheim - Se Regnskap, Roller og mer». Henta 9. april 2021. 
  4. «Stykkgods – Egil Ulvan Rederi AS». Henta 9. april 2021. 
  5. «Lystbåt – Egil Ulvan Rederi AS». Henta 9. april 2021. 
  6. «Fiskefôr – Egil Ulvan Rederi AS». Henta 9. april 2021.