Hopp til innhald

Eibyelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eibyelva
elv
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Nedslagsfelt 940 km²
Renn gjennom Alta og Kautokeino
Sideelvar Garajohka
Lengd 17 km
Middelvassføring 11 /s
Kjelde Vesterelva og Trangdalselva
 •  høgd 93 moh.
Munning Altaelva

Eibyelva er ei 17 km lang sideelv til Altaelva i Finnmark fylke, og er ein del av Alta-Kautokeino-vassdraget. Elva startar øvst i Eibydalen i Alta kommune der Trangdalselva og Vesterelva renn saman. Elva renn igjennom Eibydalen, forbi Eiby og munnar ut om lag 14 km opp i Altaelva. Nedslagsfeltet til elva er frå grensa til Troms fylke og inn mot grensa til Finland.

Elva er stort sett ei sjørøyeelv, men det går òg laks og aure opp i elva. Eiby jeger- og fiskeforening driv kortsalet og oppsynet med elva. Kort kan ein kjøpe i sportsforetningar i Alta og på nokre campingplassar.