Eidsvoll Verk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Papirindustribygningar på Eidsvoll Verk frå slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet.
Eidsvoll Verk haldeplass på Gardermobanen.

Eidsvoll Verk er eit område i Eidsvoll kommuneØvre Romerike i Akershus fylke. Området har fått namn etter det jarnverket som låg her tidlegare, og som Eidsvollsbygningen høyrde til, kjend for å ha hysa Riksforsamlinga som utarbeidde og gjorde vedtak om grunnlova for Noreg i 1814. Eidsvoll Verk er òg namnet på ein stoppestad på den strekninga av Gardermobanen som ligg i Eidsvoll kommune, sjølv om haldeplassen eigenleg ligg utanfor det området som har namnet Eidsvoll Verk.

Jarnverket Eidsvoll Verk attmed Andelva var mellom dei eldste jarnverka i Noreg. Det skal ha kome i gang i tida 1624 – 1630 (det er ikkje kjend kva år verksemda tok til), og vart avvikla i 1822 som fylgje av konkurs. Verket var mellom dei aller fyrste som tok i bruk masomn for utsmelting av jarnet or malmen, og vart med dette med på å utvikle den industrielle jarnproduksjonen i Noreg. I motsetnad til dei andre jarnverka i Noreg, som måtte basere seg på jarnmalm frå gruver i ArendalKragerøområdet etter at lokale førekomstar snøgt vart uttømde, kunne Eidsvoll Verk heile tida nytte malm frå gruver i nærleiken av verket.

Av sjølve jarnverket er det ikkje noko att. Med unnatak av Eidsvollsbygningen med omgjevnader, som Stortinget fekk som gåve i 1851, er eigedomen eigd av familieverksemda Mathiesen Eidsvold Værk ANS, som er ein stor grunn- og skogeigar i kommunane Hurdal, Eidsvoll, Nannestad, Ullensaker, Nes, Gran og Østre Toten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]