Eidsvollsbygningen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°18′14.764″N 11°10′8.1588″E

Eidsvollsbygningen
Eidsvollsbygningen 2014-02-18-06.jpg
Bilettekst Eidsvollsbygningen i februar 2014
Foto: Hans A. Rosbach
Offisielt namn Eidsvollsbygningen
Stad Eidsvoll
Eigar Staten
Påbegynt Ca 1770
Grunnflate 2 000 kvadratmeter
Rom 35 (utan kjellar og loft)
Måleriet Grunnlovsforsamlingen Eidsvoll 1814 av Oscar Arnold Wergeland, no plassert i Stortingssalen.
Nordre paviljong.
Foto: Kjetil Bjørnsrud
Rikssalen (forsamlingssalen) i Eidsvollsbygningen ca. 1890-1900.
Rikssalen i Eidsvollsbygningen i 2014, etter restaurering.
Foto: Hans A. Rosbach

Eidsvollsbygningen er ein bygning på Eidsvoll Verk i Eidsvoll kommune i Akershus som Riksforsamlinga disponerte i 1814 for å utarbeide og gjere vedtak om grunnlov for Noreg: Kongeriget Norges Grundlov. Det var i Eidsvollsbygningen prins Kristian Fredrik blei vald til konge av Noreg.[1]

Eidsvollsbygningen var tidlegare hovudbygninga på Eidsvoll Jernverk, og kalla Eidsvoll Verk. Saman med Wergelands Hus, Nordre Paviljong, Søndre Paviljong, Vognremissen, Konservatorboligen og parken som omkransar eigedomen utgjer Eidsvollsbygningen med inventaret det nasjonale minnesmerket over Riksforsamlinga i 1814.[2][3]Bygningen blir forvalta av stiftinga Eidsvoll 1814, ei avdeling av Norsk Folkemuseum.

Den opphavlege bygningen er frå om lag 1770. Denne bygningen er den austre halvparten av det huset som står i dag, etter at Carsten Anker, eigaren av Eidsvoll Jernverk, bygde om og utvida huset om lag 1800 for at det skulle tene som bustad. Huset vart då ein av dei største og mest moderne privatbustadene i Noreg.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Det er truleg at hovudbygningen på verket har lege på same staden sida 1600-talet.[4] Ein kjenne lite til bygningen innan Carsten Anker kjøpte han, men nokre opplysningar finnast. Historikaren Gerhard Schøning var på Eidsvoll i 1775 og han fortel mellom anna:

«Værkets Vaane-bygning ligger tæt hos Konge-Veien, og er en stor anseelig, vel indrettet Bygning, opført af velbemeldte Hr. Jagt-Junker efterat de forrige Vaane-Huse i Julen Anno 1767, ved Vaade-ild bleve lagde i Aske.»

Jaktjunkeren var Friedrich Leegaard von Schlanbusch som eide Eidsvoll verk.[4]

Carsten Anker bygde om huset etter at han tok over som eigar slik at det fekk ei samla golvflate på meir enn 2 000 rutemeter, inspirert av tidas moderne franske og danske arkitektur, og med nyklassisistiske drag i utforminga av eksteriøret. Ei rekkje teikningar i Riksarkivet syner ymse framlegg om korleis det eksisterande huset på to etasjar kunne byggjast ut med til dømes ein ekstra etasje. [5]

Bygningen[endre | endre wikiteksten]

Ein kjenne ikkje arkitekten. Tidlegare riksantikvar Stephan Tschudi-Madsen skriv i Store norske leksikon at ein del trekk antydar at den danske arkitekten Christian Frederik Hansen kan ha stått for utforminga.[2]Geir Thomas Risåsen skriv i si bok om Carsten Anker og Eidsbollsbygningen på side 116:[6]

«Eidsvollsbygningens arkitekt har vært et åpent spørsmål gjennom hele 1900-tallet. Alt tyder imidlertid på at Anker benyttet den unge danske arkitekten Carl (Charles) Frederik Ferdinand Stanley

Hovudbygningen er av lafta tømmer med utvendig panel med ein paviljong på kvar side. Den nordre paviljongen, som no hyser museumsbutikken, var kontorbygningen på Eidsvoll Verk, der arbeidarane fekk ein part av lønna utbetalt som mat.

I fyste etasje ligg vestibylen med hovudtrappa, hagestua, biljardstua, blåstua, sengekammeret til fru Anker, «salig Anettes sengekammer», biblioteket, lesekabinettet, skrivekammeret, kabinettet innanfor Nystua, Nystua, spisestua, hjørnestua, sengekammeret til Kristian Fredrik og gangen ved hjørnestua.[7]

Vestibylen er det fyste rommet ein kjem inn i og dette var forstua da Anker og familien budde her. Frå rommet har ein tilgang til dei fem trappene i huset; hovudtrappa for familien og gjestene deira og dei øvrige for tenarane. [7]Vestibylen gjer eit imponerande inntrykk straks ein kjem inn og er det sentrale rommet i etasjen med dei øvrige romma gruppert rundt.[8] Rommet er forma som eit romersk atrium, har fleire søyle og eit blåmåla tak lik ein himmel.[8] Veggene er måla i terrakottafarge og listverk, karmar og søyle er gråblå.[9]

Det var i hagestua stormannsmøtet halde til den 16. februar 1814.[10] Da Eidsvollmennene seinare var samla til Riksforsamlinga blei rommet nytta til spisesal for ein del av medlemmane.[10]

Etter at Carsten Anker gjekk konkurs i 1823, vart heile inventaret i bustaden selt på auksjon. Sidan har litt av det autentiske inventaret frå Ankers tid kome til rette og vorte kjøpt inn eller gjeve som gåver for å verte plassert i bygningen att. Men mesteparten av det som er dagens inventar er gamle og tidstypiske ting som er utlånt frå andre musé, eller innkjøpt.

Eit nytt museumshus, Wergelands Hus, namngjeve etter forfattaren Henrik Wergeland, stod ferdig til ei markering her i 2005 av at det var hundre år sidan Noregs union med Sverige vart løyst opp. Ei ny markering vert det på området i 2014 i samband med at det er to hundre år sidan Grunnlova vart til. Bygningen og omgjevnadene har vore gjennom store endringar og fått den same utsjånaden som i 1814. Eidvollsbygningen opna att i februar 2014 etter å ha vore stengd for restaurering sia 2010.

Eidsvollsbygningen vart freda i september 2014.[11]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Eidsvollsbygningen - historikk frå Statsbygg
  2. 2,0 2,1 Eidsvollsbygningen av Stephan Tschudi-Madsen frå Store norske leksikon
  3. Eidsvollanlegget frå Eidsvoll 1814
  4. 4,0 4,1 Geir Thomas Risåsen side 97
  5. Geir Thomas Risåsen side 99
  6. Geir Thomas Risåsen side 116
  7. 7,0 7,1 Eidsvollsbygningen første etasje frå Eidsvoll 1814
  8. 8,0 8,1 Geir Thomas Risåsen side 123
  9. Geir Thomas Risåsen side 125
  10. 10,0 10,1 Hagestua frå Eidsvoll 1814
  11. Eidsvollsbygningen Fredet Eidsvollsbygningen. Riksantikvaren. Vitja 13. oktober 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]