Hopp til innhald

Eiktyrne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eiktyrne og Heidrun på taket av Valhall. Frå eit islandsk handskrift frå 1600-talet.

Eiktyrne (norrønt Eikþyrnir) er i nordisk mytologi ein hjort som står på taket av Valhall og beitar på treet Lærad, eller Yggdrasil.[1] Det drypp så mykje vatn frå horna til hjorten at det flyt ned i Kvergjelme og fyller alle elvene. Saman med geita Heidrun er hjorten ein representant for dei firbeinte dyra på jorda. Namnet Eikþyrnir er vanskeleg å tolka. Eik betyr 'eik' og þyrnir er 'torn' eller 'hagtorn'. Filologen Finnur Jónsson har føreslått at namnet kan visa til dei greinete horna til hjorten.[2] Rudolf Simek har gjeve ei liknande tolking: Hjorten med 'den eikeaktige hornkrona'.[3]

Kjeldeskrifta[endre | endre wikiteksten]

Grímnismál[endre | endre wikiteksten]

Eiktyrner er omtalt i Grímnismál 26 i Den eldre Edda:

På hallen står en hjort,
han heter Eiktyrne,
han gnager på Lärads grenar;
det dryper av hans horn
i Hvergelmes brunn,
där ha alla älvar sitt upphov.
Eikþyrnir heitir hjörtr,
er stendr höllu á
ok bítr af Læraðs limum;
en af hans hornum
drýpr í Hvergelmi,
þaðan eigu vötn öll vega.

Deretter følgjer to lange strofer med mytiske elvenamn.

Snorre-Edda[endre | endre wikiteksten]

Forteljinga om Eiktyrner blir også fortald av Snorre Sturlason, men no i prosa, i Gylfaginning, kapittel 39. Fyrst fortel han om geita Heidrun som står på taket av Valhall og beitar, deretter kjem turen til den beitande hjorten:

"Än märkvärdigare är hjorten Eiktyrner, som står på Valhall och betar av samma träds grenar. Från hans horn flyter en så strid ström, att den rinner ända ner i Hvergelmir; och därifrån utströmmar de floder, som heter Sid, Vid, Sekin, Ekin, Svöl, Gunntro, Fjörm, Fimbultul, Gipul, Göpul, Gömul och Geirvimul. De flyter alla genom Asarnas bygder. Dessa är också nämnda: Tyn, Vin, Töll, Höll, Gråd, Gunntråen, Nyt, Nöt, Nönn, Hrönn, Vina, Vegsvinn, Tjodnuma."

"Enn er meira mark at of hjörtinn Eikþyrni, er stendr á Valhöll ok bítr af limum þess trés, en af hornum hans verðr svá mikill dropi, at niðr kemr í Hvergelmi, ok þaðan af falla þær ár, er svá heita: Síð, Víð, Sækin, Ekin, Svöl, Gunnþró, Fjörm, Fimbulþul, Gípul, Göpul, Gömul, Geirvimul. Þessar falla um ása byggðir. Þessar eru enn nefndar: Þyn, Vín, Þöll, Höll, Gráð, Gunnþráin, Nyt, Nöt, Nönn, Hrönn, Vína, Vegsvinn, Þjóðnuma."

Elvene nemnd av Snorre er stort sett identiske med dei som står i Grímnismál 27–28. Elvene i strofe 27 renn gjennom Åsgad, medan dei i strofe 28 flyt gjennom Midgard. At Snorre til og med nemner vassdraga med dei same orda som dei står i desse strofene viser at det er Grímnismál som har vore kjelda til Snorre. Snorre utelet likevel fleire elvar, særleg dei som rann gjennom Midgard.

Eikþyrnir er òg nemnd blant hjortenamna i Nafnaþulur.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mytologiska attribut: Eiktyrner, läst 2011-12-26
  2. "Navnet 'egetjörn' [=ektörne] peger måske på de grenede horn." Finnur Jónsson och Sveinbjörn Egilsson, Lexicon Poeticum: Ordbog over det norsk-islandske skjaldesprog, 1931
  3. "The one with the oak-like antlers". Rudolf Simek, Dictionary of Northern Mythology, D.S. Brewer, 2007, side 70. ISBN 978-0-85991-513-7
  4. «Hjartar heiti». Henta 3. juni 2016. 
  • Hultkrantz, Åke: Vem är vem i nordisk mytologi : gestalter och äventyr i Eddans gudavärld, Rabén & Sjögren, Stockholm 1991. ISBN 9129593956. Libris 7236542.