Ekaterina Dafovska

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ekaterina Dafovska
Ekaterina Dafovska.jpg
Fødd 28. november 1975
Chepelare Municipality
Yrke skiskyttar
Ekaterina Dafovska på Commons

Ekaterina Dafovska[a] (fødd 28. november 1975) er ein bulgarsk tidlegare skiskyttar frå landsbyen Tsjepelare i Smoljan oblast. Ho vart olympisk meister på 15 km under Vinter-OL 1998 i Nagano. I same øvinga vann to bronsemedaljar i høvesvis VM 1995 i Antholz og VM 1997 i Osrblie.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Dafovska var ein særleg treffsikker skiskyttar, noko ho viste då ho slo gjennom under VM i skiskyting 1995 i italienske Antholz. Med 20 treff på 15 km overraska 19-årige Dafovska med å take bronsemedaljen i øvinga. To år seinare sikra ho seg ein ny bronsemedalje i spesialøvinga 15 km då verdsmeisterskapen vart avvikla i Osrblie i Slovakia.

Høgdepunktet for Dafovska kom under vinterleikane 1998 i Nagano. Med eitt bomskot lukkast ho å vinne OL-gullet på 15 km, ettersom dei sterkaste utfordrarane også fekk eitt tillegsminutt. Seinare vart ho nummer fem på 15 km både under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City og i VM i skiskyting 2005 i Hochfilzen.

Dafovska la opp som skiskyttar i 2006. Gjennom sine mange år i verdstoppen i skiskyting vann ho fem renn i verdscupen; to på 15 km, to jaktstartar og ein 7,5 km.

I 2010 vart Dafovska vald til president i det bulgarske skiskyttarforbundet.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bulgarsk skrift Екатерина Дафовска

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar