Ekeritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ekeritt er ein bergart som høyrer til djupbergartane i Oslofeltet. Han finst særleg omkring innsjøen Eikeren, og dessutan ulike stader i den nordlege delen av Oslofeltet. Mineralogisk er han ein alkalifeltspat-granitt med ægirin og arfvedsonitt. Med minkande kvartsinnhald får ein overgangar til nordmarkitt. Eit ekerittområde ved Gjerdingselva i Nordmarka er kjent for innhaldet sitt av sjeldne mineral som elpiditt, kupletskitt, janhaugitt, dalyitt, ei rekkje fluorid og andre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]