Ekstremvêret Cato

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Cato var eit varsla ekstremvêr utstedt 24. desember 2011 for Nordland til Vest-Finnmark 1. juledag. Varselet gjaldt høg vasstand eller stormflod på grunn av lågt luftrykk i kombinasjon med springflod[1]

Ekstremvêret kom akkurat ein månad etter «Berit» som òg råka dei same områda med stormflod og kraftig vind. Vasstanden under «Cato» var derimot venta å vere kring 60-85 cm over vasstanden i tidvasstabellen, som var kring 20 centimeter lågare enn vasstanden under «Berit». Vinden var derimot venta å verte kraftigare, full storm i områda kring Vestfjorden.[2][1]

Vêrsituasjonen[endre | endre wikiteksten]

Eit kraftig lågtrykk i Norskehavet den 1. juledag flytta seg nordaustvoer mot Bjørnøya. Dette gav sørvestleg vind og pålandsvêr, med mest vind og bølgjer i Nordland sør for Vesterålen.[2] Bølgjehøgdene var venta å verte 8 til 11 meter, med enkeltbølgjer opp mot dobbelt så høge. I Troms og Finnmark gav uvêret frålandsvind og noko mindre bølgjer, men kraftig vind i fjordane.[2]

I samband med kaldfronten til dette lågtrykket oppstod det eit hissig sekundært lågtrykk, som raste innover Nordvestlandet seinare på dagen, natt til 2. juledag. Dette vart klassifisert som ekstremvêret Dagmar, og førte til særs kraftig vind og store øydeleggingar.

Verknad[endre | endre wikiteksten]

Vasstanden vart berre så vidt over kriteria for ekstrem vasstand. Nordland vart hardast råka.[3] Den høgaste vasstanden vart målt i Kabelvåg, som fekk 415 cm. Kriteriet for å varsle ekstremt er 400 cm.

Alle stader der det vart varsla ekstremt høg vasstand fekk det derimot ikkje, og Meteorologisk institutt meinte i etterkant at det ikkje var naudsynt å sende ut ekstremvarsel for eit så stort område som dei hadde gjort.[3] Både i Troms, Hammerfest og Honningsvåg vart vasstanden 4-5 cm under kriteria for det som vert rekna som ekstremt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 ««Cato» har gjort sitt inntog i nord». yr.no. 24. desember 2011. Henta 26. desember 2011. 
  2. 2,0 2,1 2,2 ««Cato» og «Dagmar» nærmer seg med stormskritt». yr.no. 24. desember 2011. Henta 26. desember 2011. 
  3. 3,0 3,1 «Ekstremværet «Cato» er over». 25. desember 2011. Henta 26. desember 2011.