El Mina i Libanon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om byen i Libanon. For byen og kommunen i Mauritania, sjå El Mina i Mauritania.
Koordinatar: 34°26.82′N 35°49.07′E
El-Mina
الميناء
by
Tripoli2.jpg
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Nord guvernement
Distrikt Tripoli distrikt
Koordinatar 34°26.82′N 35°49.07′E
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961-6
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: El Mina, Lebanon

El-Mina eller El Mina (arabisk الميناء, al-Mīnā’, som tyder «hamn») er ein kystby i Nord-Libanon. El-Mina ligg der den gamle fønikiske byen Tripoli låg, i dag den nest største byen i Libanon. Han fungerer i dag som hamneby for Tripoli, som ligg 5 km mot aust.

Historie[endre | endre wikiteksten]

El Mina er staden der Tripoli låg i antikken, i fønikisk tid, og er ein av dei eldste byane i Libanon, i lag med Byblos, Tyr og Sidon. Tripoli vart flytta inn i land etter den islamske erobringa frå krossfararane, og i dag er El-Mina blitt hamnedistriktet i Tripoli, og fekk sitt eige kommunestyre på byrjinga av 1900-talet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

El-Mina er ein by med fleire øyar kring seg. Sju øyar ligg like utafor byen, og til den næraste, Abdul Wahab, går det ei bru frå byen. Den fjernaste øya, Ramkin, ligg 10 km frå kysten.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

El-Mina er ein av dei demografisk mest mangfaldige byane i Libanon, med mange forskjellige samfunn. Majoriteten er gresk-ortodokse kristne og sunnimuslimar, men her finst òg maronittar og assyrisk-ortodokse.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «El Mina i Libanon» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2014.
  • "Yawmiyat Madinah" (Diaries of a City) - By J. Touma, Jarousse Press 2003.
  • "El-Mina - Tarikh w Tourath» (El Mina: Historie and Culture) - By A. Kabbara, Dar El-Chamal Press 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]