Hopp til innhald

Eldar Rønning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eldar Rønning


StatsborgarskapNoreg
Fødd11. juni 1982 (43 år)
Levanger kommune
Idrettlangrenn
Tok del i Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007, Ski-VM 2009, Ski-VM 2011, Ski-VM 2013, Hattrennet, Hattrennet, Hattrennet, Hattrennet
Utmerkingar Holmenkollmedaljen

Eldar Rønning (fødd 11. juni 1982) er ein norsk langrennsløpar som representerer Skogn idrettslag i Levanger. Han vann VM-sølv på 15 km i 2011 og VM-bronse i sprintøvinga i 2007, dessutan vart han verdsmeister i stafett for Noreg både i 2007, 2009 og 2011. Rønning vart noregsmeister på 15 km i 2011. I tida 2005 til 2012 har han vunne sju renn i verdscupen i langrenn.

Rønning slo gjennom i 2005, då han kom på pallen i tre verdscuprenn i sprint, mellom desse ein siger i Reit im Winkl. Samanlagd vart han nummer to i kampen om sprintpokalen i verdscupen, berre slått av landsmannen Tor Arne Hetland. Han representerte Noreg i sprintøvinga under VM i Oberstdorf, der han enda på ellevteplassen.

Han innleia 2006/07-sesongen med siger i opningsrennet i verdscupen, sprintrennet i Düsseldorf. Dagen etter og på same staden kom Rønning på andreplass i sprintstafetten, saman med Øystein Pettersen. I november 2006 vann han sitt fyrste eigentlege langrenn i verdscupen; 15 km i klassisk stil i finske Kuusamo. Under verdsmeisterskapen i Sapporo i 2007 spurta Rønning inn til bronsemedalje på sprinten, og gjekk opningsetappen for det norske gullaget på 4x10 km stafett. Samanlagt kom han på tredjeplassen i verdscupen i 2007-sesongen. I 2008-sesongen vann Rønning ein verdscupsiger; sprinttevlinga i Otepää. Han kom på sjuandeplass i verdscupen i sprint og på 13. plass totalt i verdscupen.

Rønning forlet det norske sprintlandslaget ved sesongslutt våren 2008. Han satsa i staden på reint langrenn. I Ski-VM 2009 i tsjekkiske Liberec opna han for det norske stafettlaget på 4x10 km, og saman med Odd-Bjørn Hjelmeset, Tore Ruud Hofstad og Petter Northug forsvara han VM-tittelen for Noreg, som vann føre Tyskland.

I 2011 gjekk Rønning inn til sin fyrste verdscupsiger på tre år då han vann 15 km i klassisk stil i Otepää. Under noregsmeisterskapen på ski i 2011 vart Rønning noregsmeister då han vann 15 km framom Martin Sundby og Thomas Alsgaard. I verdsmeisterskapen på ski i Holmenkollen tok Rønning sølvmedaljen på 15 km. Han var i mål 13,3 sekund etter den finske gullvinnaren Matti Heikkinen. Rønning tok så gull på stafetten etter å ha gått ein sterk andreetappe, der han tok inn 22 sekund på Sveriges løpar på etappen, Johan Olsson.

Rønning spurta i mars 2012 inn til siger på femmila i Holmenkollen.

Verdscupsigrar

[endre | endre wikiteksten]
Nr. Dato Stad Øving
1.13. februar 2005 Tyskland Reit im WinklSprint
2.28. oktober 2006 Tyskland DüsseldorfSprint
3.26. november 2006 Finland Kuusamo15 km klassisk
4.13. desember 2006 Italia Cogne15 km klassisk
5.10. februar 2008 Estland OtepääSprint
6.22. januar 2011 Estland Otepää15 km klassisk
7.10. mars 2012 Noreg Oslo50 km klassisk

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]