Elias Magnus Fries
Elias Magnus Fries (15. august 1794–8. februar 1878) var ein svensk soppforskar som ein kan kalla «far til mykologien».[1] Elias var omtrent det same for soppriket som Carl von Linné var for planteriket. Standardnoteringa, eller autornamnet for artar skildra av Elias, er Fr.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Elias var fødd i Femsjö i vestre Småland. Interessa hans for sopp byrja i tolvårsalderen, då han var med på bærsanking og fann eit flott eksemplar av korallpiggsopp (Hericium coralloides).[2] Medan han framleis var skulebarn lærte han seg mellom 300 og 400 soppartar, og gav dei provisoriske namn.[2]
Elias blei student ved Universitetet i Lund i 1811, der han tok doktorgrad i 1813.[2] To år etter doktorgrada i 1815 blei det fyrste verket hans innan mykologi gitt ut. Dette verket heitte Observationes mycologici I, og den andre delen kom ut i 1818.[2] Det mest nytta verket til Elias er Systema mycologicum, som består av tre delar som kom ut 1821–1832, saman med Elenchus fungorum, volum 1 og 2, som kom ut i 1828.[2] Det er bestemt at dei namna Elias brukte i verka Systema og Elenchus skal gjelda sjølv om dei hadde eit namn før Elias namngav dei.[2] Ein gjer då eit unntak frå den alminnelege regelen om at dei eldste namna skal brukast, og kallar slike unntak sanksjonerte namn.[3] Men også her finst unntaka sot–, rust–, buk– og slimsoppar.[2]
I 1834 blei Elias professor på Universitetet i Uppsala.[2] Medan han var der publiserte han desse viktige verka:[2]
- Epicrisis systematis mycologici i 1836
- Monographia Hymenomycetum Sueciae I i 1851
- Monographia Hymenomycetum Sueciae II i 1863
- Icones selectae Hymenomycetum I i 1867{
- Icones selectae Hymenomycetum II i 1884
- Hymenomycetes europaei i 1874
Elias jobba også med å overvinna den alminnelege oppfatninga blant befolkninga om at sopp ikkje var mat.[2] Som eit ledd i dette arbeidet gav han ut boka Anteckningar öfver de i Sverige växande ätliga svampar i 1836.[2] Etter denne følgde plansjeverket Sveriges ätliga och giftiga svampar, som han jobba med frå 1860 til 1866.[2]
Elias samla soppar til eit herbarium, og det som er att av det er no i Fytoteket i Uppsala. Det er få storsoppar igjen der etter Elias, men han hadde studentar under seg som samla inn mykje til herbaria. Hampus von Post (1822–1911) var ein av dei.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ryman & Holmåsen 1992, s. 9.
- ↑ 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 Ryman & Holmåsen 1992, s. 10.
- ↑ Turland, N. J., Wiersema, J. H., Barrie, F. R., Greuter, W., Hawksworth, D. L., Herendeen, P. S., Knapp, S., Kusber, W.-H., Li, D.-Z., Marhold, K., May, T. W., McNeill, J., Monro, A. M., Prado, J., Price, M. J. & Smith, G. F. (eds.) 2018: International Code of Nomenclature for algae, fungi, and plants (Shenzhen Code) adopted by the Nineteenth International Botanical Congress Shenzhen, China, July 2017. Regnum Vegetabile 159. Glashütten: Koeltz Botanical Books. DOI https://doi.org/10.12705/Code.2018
- Denne artikkelen bygger på «Elias Magnus Fries» frå Wikipedia på bokmål, den 4. februar 2024.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Ryman, Svengunnar; Holmåsen, Ingmar (1992). Svampar, en fälthandbok (på svensk) (3 utg.). Interpublishing. ISBN 91-86448-31-5.