Elias Melvær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Elias Abrahamsson Melvær (1. mai 184821. september 1924) var ein lærar og ferdatalar frå Askvoll i Sogn.

Melvær var son til ein fiskar og bonde og tok i unge år del i arbeidet heime. Sidan tok han eksamen frå Stord seminar i 1869. Han var lærar fleire stader før han i 1876 tok til på amtsskulen. Der arbeidde han i 24 år. I 1900 slo han seg ned på garden Krokane i Kinn, eit bruk han seinare overlet til sonen Alf.

Alt frå unge år deltok Melvær aktivt i fråhalds-, målreisings- og ungdomsarbeid. I 1885 vart han vald til varamann på Stortinget for Venstre. Han var ein vide kjend folketalar, og la i mange år ut på talarferder til nær sagt heile landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1958