Emil André Erstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Emil André Erstad
Bloggdebatt - NMD UNG 2011 (5706371507) (cropped).jpg
Fødd9. august 1991
Manger
NasjonalitetNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, politisk rådgiver

Emil André Erstad (fødd 9. august 1991 i Bergen) er ein norsk politikar, vald som leiar i KrFU frå 20. oktober 2013. Han kjem frå Manger i Radøy kommune.[1] Frå 2012 var han 1. nestleiar i ungdomspartiet og fylkesleiar i Hordaland KrFU. Han har studert samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.[2] Han arbeidde i Tankesmien Agenda frå 2015 til 2019. I 2019 fekk han stillinga som kommunikasjonssjef i Den norske Helsingforskomité.[3]

I 2016 gav han ut boka Farvel, SyriaDet Norske Samlaget.

Erstad starta ein underskriftsaksjon for å få den sosiale nettstaden Facebook på nynorsk. I april 2014 vart Erstad vald inn i styret i Noregs Mållag. Han har ogso markert seg som ein talsmann for eit breiare KrF, og har mellom anna tatt til orde for å invitere muslimar inn i partiet og sagt at han vil gå i homoparadar.[4] Han har ogso utfordra moderpartiet til å gå inn for ekteskap og adopsjon for homofile, noko som skapte debatt i januar 2014.[5]

Som friidrettsutøvar i tenåra for FIL AKS-77 vart hans personlege rekord på 800 meter på 1.55,18.[6] Erstad gjekk på toppidrettslinja ved Tertnes vidaregåande skule frå 2007 til 2010.[7] Han var ein periode Noregs beste 16-åring gjennom alle tider på 600 meter. Her presterte han 1.23,07 i 2007.[8] Denne aldersrekorden har seinare blitt sletta. Erstad tok fleire gullmedaljar i ungdoms-NM.[9]

Erstad var vinnar av radioprogrammet Påskelabyrinten i 2019.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]
  2. «Emil André Erstad». Agenda Magasin (bokmål). Henta 26. februar 2019. 
  3. «Emil André Erstad». Den norske Helsingforskomité (bokmål). Henta 26. februar 2019. 
  4. «KrF-topper ber ny KrFU-leder roe seg». Dagen. 18. oktober 2013. Henta 29. desember 2017. 
  5. Bruland, Roger Sevrin (14. januar 2014), «KrFU-leder åpner for homoekteskap», NRK (på bokmål), henta 14. mai 2019 
  6. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 2014-03-20. Henta 20. mars 2014. 
  7. «- Må dere spy? Flott!», Bergens Tidende (på bokmål), henta 14. mai 2019 
  8. Emil Andre Erstad sletta ein 37 år gamal aldersrekord i Stordleikane, Kondis.no
  9. http://idrett.speaker.no/organisation.asp?WCI=wiKlubbKassaNews&WCU=625820&CatId=955
  10. Bøl, Kristina, «Emil André vann Påskelabyrinten: – Deilig!», Strilen, henta 14. mai 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]