Tankesmien Agenda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tankesmien Agenda
Agenda IMG 8234 marte gro borge.jpg
Agenda-seminar i 2015 der utanriksminister
Børge Brende talar medan Marte Gerhardsen
og Gro Harlem Brundtland er tilhøyrarar.
SelskapsformAksjeselskap
Org.nr.913 112 245
Skipa9. desember 2013
BransjeTankesmie
HovudkontorOslo
StyreleiarGeir Lippestad
Adm.dir.Marte Gerhardsen
Nettstadtankesmienagenda.no

Tankesmien Agenda AS er ei norsk tankesmie etablert i 2014. Agenda er partipolitisk uavhengig, men med tilknyting til Arbeiderpartiet i norsk politikk.[1] Dagleg leiar for Agenda var i 2014 Marte Gerhardsen, medan advokat Geir Lippestad er styreleiar. Begge er Ap-medlemmar.

Agenda er dels finansiert av LO, dels av industrileiaren og milliardæren Trond Mohn (Ap).[2] Liv Signe Navarsete (Sp) var også involvert i arbeidet med opprettinga av tankesmia.[3] Årsbudsjett for 2014 var vel 14 millionar kroner.

Det uttalte målet til tankesmia er å utvikle politikk og analysar for sentrumvenstre i norsk politikk[4][5] (eller sosialdemokratisk ifølgje Aftenposten).[3] Fokuset for utgreiingsverksemda er velferdsøkonomi, fordeling, arbeidsliv og internasjonal politikk.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tankesmien Agenda –». Store norske leksikon (norsk). Henta 16. april 2017. 
  2. «Får jobb i Agenda», side 8, Klassekampen 8. april 2014
  3. 3,0 3,1 «Lippestad skal lede sosialdemokratisk tenketank». Aftenposten. 4. desember 2013. Henta 16. april 2017. 
  4. «Tenketank som blått instrument». Dagbladet.no (norsk). 31. mars 2014. Henta 16. april 2017. 
  5. «En keiser i slåbrok». Dagbladet.no (norsk). 30. november 2013. Henta 16. april 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]