Hopp til innhald

Erik Otto Knoph

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erik Otto Knoph
StatsborgarskapNoreg
Fødd13. oktober 1764
København
Død

11. mai 1818 (53 år)
Trondheim

Yrkepolitikar
Språknorsk

Erik Otto Knoph (13. oktober 1764–11. mai 1818) var ein norsk bergmann og stortingsmann.

Knoph vart fødd i København, av norskfødde foreldre. Han tok bergeksamen og vart cand. jur. Kring 1790 vart han administrerande direktør for Røros koparverk. Han fekk i 1801 tittelen bergråd, og var frå 1812 bergmeister for det nordafjellske.

Knoph var 2. representant frå Trondheim på Stortinget 1815-16. Han var medlem av fem komitear, mellom anna av komiteen om land-, skog- og bergvesen, om bergverkslova og Kongsberg sølvverk, samt om matrikkellova.

Knoph døydde i Trondheim i 1818.