Erling Kaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erling Kaas
Fødd 19. august 1915
Oslo
Død

17. juni 1996 (80 år)
København

Yrke stavhopper

Erling Kaas (fødd 19. august 1915 i New York, død 17. juni 1996 i Paris) var ein norsk stavhoppar frå Idrettsklubben Tjalve.

Under sommar-OL 1948 kom han på 4. plass I stavhoppkonkurransen med eit hopp på 4,10 meter. Under sommar-OL 1952 fullførte han på 6. plass med 3,80 m. Kaas kom på fjerde plass under EM i 1946 og 5. plass i 1950, begge gongene med resultatet 4,10 m.[1] Han vann noregsmeisterskapen i 1939 og 1946-1952.[2]

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1937: Bronsemedalje - 3,40 m
  • 1938: Bronsemedalje - 3,70 m
  • 1939: Gullmedalje – 4,00 m, framom Michael Salomonsen (3,80 m)
  • 1946: Gullmedalje – 4,21 m, framom Wilhelm Carlsen (3,70 m)
  • 1947: Gullmedalje – 4,05 m, framom Audun Bugjerde (3,50 m)
  • 1948: Gullmedalje – 4,13 m, framom Audun Bugjerde (3,60 m)
  • 1949: Gullmedalje – 4,15 m, framom Audun Bugjerde (3,75 m)
  • 1950: Gullmedalje – 4,03 m, framom Andreas Larsen (3,40 m)
  • 1951: Gullmedalje – 4,00 m, framom Andreas Larsen (3,60 m)
  • 1952: Gullmedalje – 3,80 m, framom Erik Riis (3,50 m)

Den personlege rekorden hans, som han oppnådde i juli 1948 på Bislett stadion, var på 4,31 m.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norske utøvere i EM hjå Norges friidrettsforbund.
  2. Norsk mesterskap i stavsprang hjå Norges friidrettsforbund.
  3. Norsk liste over stavsprang gjennom tidene hjå Norges friidrettsforbund.