Ermoúpoli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ermoúpoli
Lokalt namn Ερμούπολη

Utsyn over Ermoúpoli
Geografi
Ermoúpoli is located in Hellas
Ermoúpoli (Hellas)
Stad Kykladane
Koordinatar 37°26′N 24°55′EKoordinatar: 37°26′N 24°55′E

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Kommune
Dei sørlege egeiske øyane
Sýros
Sýros-Ermoúpoli
Hovudsete Ermoúpoli (11 407 innb.)
Demografi
Folketal 13 737 (2011[1])

Ermoúpoli (gresk Ερμούπολη), tidlegare kalla Ermoupolis, er ein by og ein tidlegare kommune i periferieininga Sýros i Hellas. Han inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen Sýros-Ermoúpoli. Ermoúpoli var hovudstad i det tidlegare prefekturet Kykladane og er no hovudstad i periferieininga Sýros og i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunaleininga Ermoúpoli 13 737 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 11 407 innbyggjarar.[1]

Ermoúpoli, «Byen til Hermes», ligg på austsida av øya og har mange nyklassiske bygningar, gamle herregardar og kvite hus som ligg i åssida ovanfor hamna. Han vert òg kalla «Dronninga av Kykladane» og har mange flotte kyrkjer, som Metamorfosis, Koimisis, St. Demetrios, Tre Hierarkar, Anastasis, Evangelistria og St. Nikolas.

Byen vart grunnlagd under den greske sjølvstendekrigen i 1820-åra og vart på den tida det største kommersielle og industrielle senteret i Hellas. Utover på 1800-talet tok Pireus over denne rolla.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]