Hopp til innhald

Kykladane

Kykladane
Νομός Κυκλάδων
prefektur
Land  Hellas
Periferi Dei sørlege egeiske øyane
Hovudstad Ermoúpoli
Areal 2 572 km²
Bilnummer EM
Kart
Kykladane
37°00′00″N 25°10′00″E / 37°N 25.166666666667°E / 37; 25.166666666667
Kart som viser Kykladane.
Kart som viser Kykladane.
Kart som viser Kykladane.
Wikimedia Commons: Cyclades

Kykladane (gresk Κυκλάδες) er ei øygruppe i Hellas som ligg sentralt i Egearhavet. Ho ligg søraust for det greske fastlandet. Namnet refererer til øyane rundt (κυκλάς) den heilage øya Dílos.

Kykladane består av om lag 220 øyar, og dei største av desse er Amorgós, Anafi, Ándros, Andíparos, Dílos, Íos, Kéa, Kímolos, Kýthnos, Mílos, Mýkonos, Náxos, Páros, Folégandros, Sérifos, Sífnos, Síkinos, Sýros, Tínos og Santoríni. Dei fleste av dei mindre øyane er ikkje busette.

Øygruppa var tidlegare eit prefektur i Hellas, men frå 2011 inngår Kykladane saman med Dodekanesane i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Kykladane er delt inn i ni periferieiningar: Ándros, Tínos, Mýkonos, Sýros, Kéa-Kýthnos, Mílos, Náxos, Páros og Thíra.

Ermoúpoli på Sýros er hovudbyen i Kykladane og er det administrative senteret i periferien.

Øyane er toppar av undersjøiske fjell bortsett frå dei to vulkansk øyane Mílos og Santoríni (Thera). Klima et hovudsakleg tørt og mildt, men bortsett frå Náxos er ingen av dei særleg frodige. Innan jordbruk vert det produsert vin, frukt, kveite, olivenolje og tobakk.

Kykladane ligg rundt Dílos.

Den kykladiske kulturen seint i steinalderen og tidleg i bronsealderen er mest kjend for dei flate kvinnelege gudebileta som er skjert inn i den kvite marmoren på øya. Dette vart gjort fleire hundreår før Den minoiske kulturen oppstod på Kreta lenger sør.

Ein steinalderkultur med element frå både Anatolia og det greske fastlandet oppstod vest i Egearhavet før år 4000 fvt., og var basert på emmerkveite, sauer og geiter, grisar og tunfiske. Utgravingar er gjort i Saliagós og Kefála (på Kéa) med funn etter kopararbeid. Kvar av dei små øyane i Kykladane kunne ikkje halde meir enn eit par tusen innbyggjarar. Etter at palasskulturen oppstod på Kreta vart Kykladane stort sett uviktige, bortsett frå Delos, som var ein heilag stad gjennom antikken.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]
PeriferieiningKommuneTidlegare
kommune
PostnummerRetningsnummer
ÁndrosÁndrosÁndros by845 0022820-2
Ydroúsa845 0122820-7
Kórthi845 0222820-6
TínosTínosTínos842 0022830-2
Exómvourgo842 0022850-5
Pánormos842 0122830-3
MýkonosMýkonosMýkonos846 0022890-2
SýrosSýros-ErmoúpoliErmoúpoli841 0022810-2
Áno Sýros841 0022810-8
Posidonía841 0022810-4
Kéa-KýthnosKéaKéa840 0222880-2
KýthnosKýthnos840 0622810-3
MílosSérifosSérifos840 0222810-5
SífnosSífnos840 0322840-3
KímolosKímolos840 0422870-5
MílosMílos848 0022870-2
NáxosAmorgósAmorgós840 0822850-2
Náxos og dei
små Kykladane
Náxos843 0022850-2
Drymalía843 0222850
Donoúsa843 0022850-5
Koufonísia843 0022870-7
Skhinoúsa843 0022870-7
Iráklia843 0022870-7
PárosAndíparosAndíparos840 0722840-6
PárosPáros844 0022840-2
ThíraFolégandrosFolégandros840 1122860
SíkinosSíkinos840 1022860-5
ÍosÍos840 0122860-9
SantoríniSantoríni847 0022860-2
Ía847 0222860-7
AnáfiAnáfi840 0922860-6

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kykladane
Reiseguide for Cyclades frå Wikivoyage

37°00′N 25°10′E / 37.000°N 25.167°E / 37.000; 25.167