Sýros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dette er ein artikkel om ei gresk øy. Viss du leitte etter sure stoff, sjå syre.
Sýros
Lokalt namn Σύρος
Ermoúpoli på Sýros
Ermoúpoli på Sýros
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°27′N 24°54′EKoordinatar: 37°27′N 24°54′E
Øygruppe Kykladane

Areal 83,6 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Sýros
Største busetnad Ermoúpoli (11 407 innb.)

Demografi
Folketal 21 507 (2011[1])
Folketettleik 211,1 /km²

Sýros (gresk Σύρος), òg kalla Siros eller Syra, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Ho ligg 145 km søraust for Aten.

Sýros var tidlegare ein del av prefekturet Kykladane, men er frå 2011 ei periferieining i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Det er berre éin kommune i periferieininga, Sýros-Ermoúpoli.[2] Til kommunen høyrer òg den vesle tidlegare fangeøya Járos.

Av tettstadar på øya finn ein Ermoúpoli og Áno Sýros. Ermoúpoli er hovudbyen på øya og i Kykladane, frå 2011 er byen òg hovudstad i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Han har alltid vore ei viktig hamn og på 1800-talet var han til og med viktigare enn Pireus.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I romartida låg hovudbyen på Sýros på same stad som Ermoúpoli i dag ligg. Mot slutten av antikktida vart ho stadig plyndra av sjørøvarar, og dette førte etter kvart til ein nedgang på øya. Under Austromarriket var øya ein del av det egeiske herredømet, fram til austromarane vart styrta av venetianarar og frankarar i 1204. Sýros kom då under Venezia sitt styre, og vart ein del av Det egeiske dukatet. Samstundes vart Áno Sýros grunnlagd. Under den latinske perioden var dei fleste innbyggjarane romersk-katolske, men haldt på det greske språket. Venezia styrte over øya i nesten 350 år fram til den osmanske flåten erobra øya på midten av 1500-talet. Dei kykladiske øyane fekk derimot mange privilegium av tyrkarane, som til dømes skattelette og religiøs fridom.

Samstundes, etter ein avtale mellom Frankrike og Vatikanet og dei osmanske styresmaktene, vart den katolske øya verna av Frankrike og Roma. Øya oppretthaldt eit slags sjølvstyre dei neste hundre åra og blømde utover 1800-talet då sjørøvarane aust i Middelhavet gradvis forsvann.

Sýros var eit midtpunkt for handel i Egearhavet, og på grunn av dei religiøse og administrative forholda var ho nøytral i byrjinga av den greske sjølvstendekrigen i 1821. Som følgje av dette var ho ein trygg stad for greske flyktningar frå Vesleasia, Khíos, Spétses, Psará, Aivali, Smyrna, Kásos og andre stader under krigen. Nykomarane, hovudsakleg sjømenn og handelsmenn, gav nytt liv til øya som utvikla seg økonomisk og vart eit administrativt og kulturelt senter.

Mellom 1822 og 1865 vart Ermoúpoli bygd om i nyklassisk stil, som slo saman gresk klassisisme med element frå renessansen. Mange landemerke som rådhuset, Apollonteateret, biblioteket og Sýros sjukehus vart bygd på denne tida. Alle endringane førte til at Sýros nesten over natta omvandla seg frå ei heller roleg øy til eit livleg senter for handverk, industri og produksjon. Den flotte hamna gjorde ho òg til eit senter innan skipsbygging og reperasjon. Neorion var det første skipsverftet i Hellas, og er framleis i drift.

Mange ambassadar og konsulat frå land som Frankrike, Storbritannia, Italia, Nederland og dei skandinaviske landa held til her.

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[1]
Ermoúpoli Sýros-Ermoúpoli 11 407
Vári Sýros-Ermoúpoli 1 584
Mánna Sýros-Ermoúpoli 958
Áno Sýros Sýros-Ermoúpoli 862
Posidonía Sýros-Ermoúpoli 760

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]