Ernakulam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ernakulam
by
Ernakulam Town Hall.JPG
Land Flag of India.svg India
Stat Kerala
Map
Ernakulam
9°58′42″ N 76°17′1″ E
Wikimedia Commons: Ernakulam
Ernakulams viktigaste handlegate, Broadway går i bru over denne kanalen

Ernakulam-Kochi omfattar den austlege delen av Kochi i det sentrale Kerala, India. Byen er den mest bymessige delen av Kochi i Ernakulam-distriktet. Ernakulam vert òg kalla "handelshovudstaden" i Kerala.[1].Keralas høgsterett, Cochin vert bode kontor og Cochin-børsen held til her. Ernakulam var tidlegare hovudstad i Ernakulam Distrikt, men den vart seinare flytt til Kakkanad. Ernakulam var eingong hovudstad i fyrstedømmet Cochin. Byen ligg 220 km nordvest for hovudstaden Thiruvananthapuram.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Sidan steinalderen har det budd menneske i Ernakulam, noko som steinstøtter viser, likeeins dei fleste hòlene og (grotter) som kan sjåast fleire stadar i Ernakulam.

Før kolonitiden[endre | endre wikiteksten]

Det var i oldtida og mellomalderen betydeleg handel mellom dei Kerala og verda utanfor Kerala. Ernakulams tidlege politiske historie var knytt til Chera-dynastia då Sangam-herskarane til perioden styrde over store delar av Kerala og Tamil Nadu. Etter Cheras vart området styrt av Kongedømmet Cochin

Koloniperioden[endre | endre wikiteksten]

Ernakulam var hovudstad i Cochin State. I den første folketeljinga i 1911 hadde Enakulam 21 901 innbyggjarar, kor 11 197 hinduar, 9 357 kristne, 935 muslimar og 412 jødar.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ernakulam ligg i Ernakulam-distriktet i det sentrale Kerala i India. Høgda over havet er snaue 5 meter.[3]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Etter Köppens klimaklassifisering har Ernakulam tropisk monsunklima. Sidan regionen ligg sørvest i Kerala har det tropiske klimaet, med minimale temperatursvingingar i løpet av døgnet, året igjennom. Sommaren varer til mai og vert etterfølgt av aust-vest-monsunen frå juni til september. I oktober og november kjem ettermonsunen («retreating monsoon»). Vinteren varer frå desember til februar, og er noko kjøligare på grunn av vinden frå Nilgiris-fjella (Vest Ghat).

Gjennomsnittleg årleg nedbør er 3 000 mm. Sørvest-monsunen kjem vanlegvis i midten av mai. Etter juli minkar regnet. I gjennomsnitt har Ernakulam 124 regnversdagar i året. Gjennomsnittleg temperatur om sommaren er 33° celsius, medan lågaste minimumstemperatur er notert til 22,5° celsius. Maksimumstemperaturen om vinteren er 29° celsius, minimumstemperaturen er 20° celsius.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Ernakulam er eit økonomisk senter i Kerala. Cochin hamn og Cochin skipsverft[4] har aksellerert veksten i byen. I utkanten av Ernakulam ligg teknologi-distriktet «Infopark, Kochi» og IT-distriktet «SmartCity, Kochi».[5] Turisme har òg bidrege sterkt til Ernakulams vekst. Med sina tempel, gamle kyrkjer og sin kultur er Ernakulam indiske turistar #seg førstevalg når dei vitjar Kerala.

Det indisk-norske fiskerisamarbeidet[endre | endre wikiteksten]

I åra 1953 til 1972 var Noreg, gjennom Norsk utviklingshjelp, no Norad, involvert i utvikling av fiskeria og modernisering av den lokale fiskeriflåten. Det vart etablert eit utviklingsprosjekt som sidan har vorte namngjeve som fiskeriprosjektet i Kerala. Hovudkvarteret til prosjektet låg først i Neendakara, men vart flytta til Erakualam i 1961. I Ernakulam vart det då bygd is-fabrikk, vedlikehaldsverkstad, kaianlegg og opphalingsslipp på Foreshore Road. I løpet av dei elleve åra prosjektet var i verksemd i Ernakulam vart det investert om lag 120 millionar kroner.

Keralas høgsterett i Ernakulam

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Manorama Online | Kochi Beaches». Week.manoramaonline.com. Henta 6. juni 2012. 
  2. Imperial Gazetteer of India, Provincial Series, Madras II: The Southern and West Coast Districts, Native States, and French Possessions. 1908. s. 454. 
  3. «Falling Rain Genomics, Inc - Ernakulam». Fallingrain.com. Henta 6. juni 2012. 
  4. «Cochin Shipyard Limited, Industries, Kochi, Ernakulam, Kerala, India | Kerala Tourism». www.keralatourism.org (engelsk). 
  5. «Infopark, Kakkanad, Thrikkakara, Ernakulam, Kerala, India | Kerala Tourism». www.keralatourism.org (engelsk).