Eskişehir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 39°47′N 30°31′E
Eskişehir
by
none  Bydelen Tepebaşı om vinteren.
Bydelen Tepebaşı om vinteren.
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Region Sentral-Anatolia
Provins Eskişehir
høgd 788 moh
koordinatar 39°47′N 30°31′E
Areal 2 678,00 km²
Folketal 648,396 [1]
Tettleik 0 / km²
borgarmeister Yılmaz Büyükerşen
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 26 xxx
Retningsnummer (+90) 222
Turkey location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: http://www.eskisehir-bld.gov.tr/

Eskişehir (latinsk Dorylaeum; gammalgresk Δορύλαιον, Dorýlaion) er ein by nordvest i Tyrkia og det administrative senteret i provinsen Eskişehir. Byen har 648 396.[2] Byen ligg ved breidda av Porsuk, 792 meter over havet, ovanom den frodige Frygiadalen. I dei nærliggande åsane finn ein varmekjelder. Byen ligg 233 km vest for Ankara, 330 km søraust for Istanbul og 78 km nordaust for Kütahya. Han er kjend som ein universitetsby og både Eskişehir Osmangazi universitet og Anadolu universitet ligg i Eskişehir.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Eskişehir har eit kontinentalklima, med kalde, snørike vintrar med ein middeltemperatur på 0 ºC og varme, tørre somrar med ein middeltemperatur på 30 ºC. Det kjem mest regn om våren og hausten. I Köppen si klimaklassifisering har Eskişehir eit halvtørt klima (Köppen BSk).[3] På grunn av høgda har Eskişehir tørre somrar med kjølige nettar. Nedbørmengdene er låge, men ein kan få nedbør året rundt.

Klimadata for Eskişehir
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 3.8 6.2 11.2 16.4 21.8 25.9 28.9 29.2 25.0 19.8 12.4 5.5 17 18
Normal min. temp. °C -4.1 -3.9 -1.5 2.8 6.9 10.4 13.1 13.0 8.4 4.4 0.3 -2 -4,1
Nedbør (mm) 39.8 28.7 31.5 43.2 44.2 25.9 12.7 9.4 15.6 30.4 34.5 44.0
Normal mengd regndagar 12.9 11.4 11.3 11.5 10.3 7.2 3.7 3.2 4.7 8.3 9.9 12.8 107,2
Normal mengd snødagar 10 9 5 1 0 0 0 0 0 0 3 6 34
Normale månadlege solskinstimar 77.5 140.6 158.1 183 260.4 309 353.4 331.7 267 186 123 65.1 2 454,8
Kjelde nr. 1: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [4]
Kjelde nr. 2: Weather2 [5]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Eskişehir tyder direkte omsett «Gammal by» på tyrkisk. Byen vart grunnlagt av frygarane. Mange frygiske gjenstandar og skulpturar finst enno i det arkeologiske museet til byen. På 300-talet vart byen flytta ca ti km nordaust, frå Karacahisar til Şehirhöyük.

Når det vart nemnt av gamle geografar, vart byen skildra som ein av dei venaste i Anatolia.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Det finst to universitet i Eskişehir. Desse er Anadolu University og Eskişehir Osmangazi University. Prof. Dr. Yılmaz Büyükerşein, som er borgarmeister i byen har vore rektor på Anadolu University.

Sport[endre | endre wikiteksten]

Klubb Sport Stiftet Liga Hjemmebane
Eskişehirspor Fotball 1965 Turkcell Super League Eskişehir Atatürk stadion
Anadolu University Basketball ? Turkish Basketball League 2 Anadolu University Sports Hall

Kjende innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eskişehir