Eksonym

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Italia med svenske eksonym på byar.

Eksonym er namn brukte om stadar eller grupper av folk utanfrå desse stadene eller gruppene, slik som «Norvège» for Noreg på fransk eller det norske «Frankrike» for landet som har endonymet «France». Tilsvarande kan ein ha eksonym for ulike språk, folkegrupper og individ. Ofte blir eksonym brukte for å letta uttalen av ord på framande språk.[1]

Omgrepet blei innført innan stadnamnforsking av den franske geografen Marcel Aurousseau på 1950-talet.[2]

Ein kan dela inn eksonym i tre ulike grupper språkmessig: Omsetjingar, lån og tilpassingar.[3] Til dømes er norsk «Eldlandet» ei omsetjing av spansk Tierra del Fuego, svensk «Florens» er eit lån frå det tyske namnet for den italienske byen Firenze, og norsk «Themsen» er ei tilpassing av engelsk Thames. Eksonym kan også ha historisk, tidvis uklart opphav, som landnamna Albania, som lokalt blir kalla Shqipëri eller Shqipëria og Armenia (Hayastan).

Det finst også eksonym brukte om historiske personar, som ved at ein på norsk brukar «Ludvig» om franske kongar kalla «Louis», eller at ein på finska bruke «Kaarle Kustaa» for svensk «Karl Gustav».

Bruken av eksonym for stadar[endre | endre wikiteksten]

Ofte bruker utlendingar eksonym i samband med stader som har ei viss tyding for dei. Til dømes har mange europeiske hovudstader engelske eksonym, som Aten ({{lang|en|Athens, gresk gresk Αθήνα, romanisert Athína), Beograd Belgrade, serbisk (Београд); Lisboa Lisbon, Moskva (Moscow, russisk Москва) og Wien (Vienna). Hovudstader med mindre historisk tyding, som Ljubljana og Zagreb, har ikkje engelske eksonym, men dei har eksonym på språk frå nærområdet, som tysk Laibach og (tidlegare= Agram og italiensk Lubiana og Zagabria.

Ein mindre by med eit engelsk eksonym, Livorno, fekk det engelske eksonymet Leghorn. Dette var ein viktig hamneby for engelske handels- og marineskip. Ein mindre hamneby i nærleiken, Rapallo, var mindre viktig og fekk ikkje noko eksonym.

Når eksonym er knytte til ei form for kolonisering eller anna overherredøme kan dei vera politisk betente å bruka, som i samband med polske eller tsjekkiske stader som historisk har vore under tysk styre som Danzig/Gdańsk, Auschwitz/Oświęcim og Karlsbad/Karlovy Vary). Avkolonisering kan medføra endring av namn frå eksonym til endonym, som i India med til dømes Pondicherry endra til Puducherry, Triplicane endra til Tiruvallikeni eller Cape Comorin endra til Kanyakumari. Derussifisering i Ukraina har ført til ein innsats for å erstatta til dømes «Kiev» med Kyiv og «Dnipropetrovsk» med Dnipro.

Eksonym for folkeslag[endre | endre wikiteksten]

James Matisoff innførte omgrepet autonym som motsats i lingvistikk, og peikte på at eksonym om folkegrupper hadde ein tendens til å vera nedsetjande.[a] Til dømes er khang eit nedsetjande omgrep om ein bastard eller person av blandingsopphav[b] brukt på palaung om jingpofolk og på jingpo om chinfolk; både jingpofolk og burmesarar bruker det kinesiske ordet yeren (野人, 'villmenn') som nemning for lisufolk.[4]:6

I tidlegare tider nytta ein ofte namnet på den fyrste stammen eller busetnaden ein møtte frå eit anna folkeslag som nemning for ei større folkegruppe ein møtte seinare. Romarane brukte til dømes stammenamna Graecus ('gresk') og Germanus ('germansk') om grekarar og germanarar. Europearar i mellomalderen tok stammenamnet tatar som ei nemning for heile den mongolske konføderasjonen (og blanda namnet med Tartaros, eit ord for Helvete, til å laga «tartar»), og likna invaderande |magyarar med hunarar frå same område 500 år tidlegare slik at dei blei kalla (h)ungararar.

Germanske folkeslag i romartida brukte ordet walha om utlendingar dei møtte, og i vestgermanske språk blei dette eit generelt namn for alle ikkje-germanske folkeslag. Namn som Valakia, Vlachs, Vallonia, Cornwall, Wales, Wallasey, Welche i Alsace-Lorraine og det polske namnet for Italia, Włochy.

Eksonym om folkegrupper kan ofte bygga på misoppfattingar og opplevast som nedsetjande, som berbarar, bohemar, indianarar, eskimoar, lappar og sigøynarar. Slike namn blir ein ofte oppfordra til å unngå og gjerne erstatta med endonym.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Human nature being what it is, exonyms are liable to be pejorative rather than complimentary, especially where there is a real or fancied difference in cultural level between the ingroup and the outgroup.»
  2. «an opprobrious term indicating mixed race or parentage»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Exonym and Endonym av professor Richard Nordquist hos ThoughtCo 2018-01-05
  2. Rostvik 1987.
  3. Mattisson 1993.
  4. Matisoff, James A. 1986. «The languages and dialects of Tibeto-Burman: an alphabetic/genetic listing, with some prefatory remarks on ethnonymic and glossonymic complications.» I Contributions to Columbian-Tibetan Studies, presented to Nicholas C. Bodman, red. J. McCoy og T. Light. Leiden: Brill. s. 6.
  • Denne artikkelen bygger på «Exonym» frå Wikipedia på svensk, den 12. september 2022.
  • Mattisson, Ann-Christin (1993), Hallberg, Göran, red., «Exonymer och endonymer», Nordiska orter och ord: Festskrift till Bengt Pamp på 65-årsdagen den 3 november 1993 (Lund: Dialekt- och ortnamnsarkivet), s. 158–160 
  • Rostvik, Allan (4–8 augusti 1985), «Exonymer i moderna svenska skolatlaser», Nionde nordiska namnforskarkongressen (Lund: Dialekt- och ortnamnsarkivet), s. 281–291