Etnisk nasjonalisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Etnisk nasjonalisme er ein nasjonalisme som byggjer på at nasjonen ein ønskjer å fremje interessene til, er etnisk definert. Det vil seie definert etter det som i det aktuelle området definerer ei etnisk gruppe, vanlegvis eit eller fleire av desse særdraga: Rase, språk, religion, anna kultur.

Dei fleste statar er fleir-etniske, og derfor vil etnisk nasjonalisme (eller etnonasjonalisme) mesta utan unntak føre til konflikt, og somtid til undertrykking og krig. Etnisk nasjonalisme står då i motsetning både til internasjonalisme til ein statspatriotisme som definerer nasjonen som staten eller eventuelt staten som fleirnasjonal. Døme på statspatriotisme i statar med mange etniske grupper, kan vere den USA-amerikanske patriotismen, sovjetpatriotismen i Sovjetunionen og den jugoslaviske patriotismen under Tito.

To av dei mest ekstreme døma på etnisk nasjonalisme med dramatiske følgjer er Nazi-Tyskland (Ein Volk, ein Reich, ein Führer!), og den etniske nasjonalismen som vart vekt til live att og kynisk utnytta av maktpolitikarar i det tidlegare Jugoslavia etter at Tito var død. Den første førte til verdskrig og Holocaust, den andre til etnisk reinsing i stor stil i Bosnia og Kosovo, med massemord og tvangsfordriving som verkemiddel.

Norsk nasjonalisme før 1905 kan ikkje kallast etnonasjonalistisk, då han ikkje retta seg mot andre menneske som etnisk gruppe, heller ikkje svenskar, men mot ein nasjons (Sveriges) dominans over ein annan (Noreg) i ein union. Denne nasjonalismen retta seg såleis i hovudsak mot dei institusjonane og ordningane som representerte denne dominansen, som den ikkje-parlamentariske statsskikken før 1884 og den felles utanrikstenesta og felles kongen før 1905.

Heller ikkje norskdomsrørsla kan kallast etnonasjonalistisk, fordi ho ikkje retta seg mot danskar som folk, men den norske sosiale elitens norskdanske kulturherredømme, som heldt fram også under unionen med Sverige. Det var (og er) ein kamp for kulturell og språkleg sjølvrespekt meir enn noko anna.

I den grad norsk nasjonalisme kan kallast etnisk nasjonalisme, må det gjelde behandlinga av samar og romanifolk fram til lenge etter andre verdskrigen. Då bortsett frå NS-regimet under okkupasjonen, som òg retta seg mot dei norske jødane. Det verkar likevel rart å skulle kalle NS-regimet nasjonalistisk, sidan det var innsett av ei framand okkupasjonsmakt. I kva grad dei som ottast og mislikar muslimar i Noreg i dag kan kallast etnonasjonalistar, kan kanskje diskuterast, men ekstreme utgåver av denne skepsisen liknar vel på etnisk nasjonalisme.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]