Harvey Fuqua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harvey Fuqua
Fødd27. juli 1929(1929-07-27)
FødestadLouisville i Kentucky i USA
Død6. juli 2010 (80 år)
DødsstadDetroit i Michigan i USA
FødenamnHarvey Fuqua
OpphavUSA
Aktiv1951–2000
SjangerR&B, doo-wop, soul
InstrumentVokal
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistarThe Moonglows, Etta James, Marvin Gaye, Tammi Terrell, Spinners, Johnny Bristol, New Birth, Sylvester
PlateselskapChess, Motown (Tamla-Motown), RCA, Fantasy
Verka somSongar, låtskrivar, plateprodusent, plateselskapssjef
Gift medGwen Gordy Fuqua

Harvey Fuqua (27. juli 19296. juli 2010) var ein USA-amerikansk rhythm-and-blues-songar, låtskrivar, plateprodusent og plateselskapssjef.

Fuqua grunnla R&B/doo-wop-gruppa Moonglows i 1950-åra. Han er kjend som ein av nøkkelpersonane i utviklinga av selskapet Motown i Detroit i Michigan. Gruppa hans gav Marvin Gaye ein start på sin musikkarriere. Fuqua og kona hans på den tida, Gwen Gordy, distribuerte den første hitsingelen til Motown, Barrett Strong sin «Money (That's What I Want)», på selskapet sitt, Anna Records. Fuqua selde seinare Anna Records til broren til Gwen, Berry Gordy, og vart låtskrivar og sjef i Motown. Han var nevø av Charlie Fuqua i Ink Spots og onkelen til filmskaparen Antoine Fuqua.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

År A-side B-side Selskap og nummmer Merknad
1959 «I Want Somebody» «Da Da Goo Goo» Chess 1713
1959 «Twelve Months of the Year» «Don't Be Afraid of Love» Chess 1725
1960 «Blue Skies» «Ooh, Ouch, Stop» Chess 1748
1960 «If I Can't Have You» «My Heart Cries» Chess 1760 Duett med Etta James
1960 «Spoonful» «It's a Cryin' Shame» Chess 1771 Duett med Etta James
1961 «The First Time» «Mama» Chess 1781
1962 «What Can You Do Now» «Will I Do» Harvey 121 Duett med Ann Bogan
1962 «Any Way You Wanta» «She Loves Me So» Tri-Phi 1017
1963 «Memories of You» «Come On and Answer Me» Tri-Phi 1024

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]