Eugène Fromentin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eugène Fromentin
Hegrejakt, 1865
Arabarar, 1871

Eugène Samuel Auguste Fromentin (24. oktober 182027. august 1876) var ein fransk forfattar og målar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Fromentin vart fødd i La Rochelle, der far hans var dokter. Etter skuletida i heimbyen reiste han til Paris for å studere jus. Han fullførte studiane, men tok ikkje opp yrket. I staden byrja han å måle. Han studerte då nokre år hos landskapsmålaren Louis Cabat.

I 1846 gjorde Fromentin ei reise til Algerie. Med sin kjennskap til landet og folket, vart det ein inngang til kunstlivet. Som ein av dei fyrste laga han bilete med motiv frå Algerie. Hans fyrste store suksess kom då han i 1847 fekk synt verket Gorges de la Chiffa, basert på turen til Algerie, på Paris-salongen.

Fromentin var ein ivrig deltakar då det franske monarkiet vart styrta i 1848. Same året reiste han tilbake til Algerie, der han vart verande i fire år. I 1850 sende han nye kunstverk frå Algerie til Académie des Beaux-Arts i Paris. Ved tilbakekomsten til Frankrike i 1852 byrja han i tillegg til målinga også å skrive om reisene sine.

Fromentin pleia omgang med dei mektigaste miljøa i det nye regimet, det andre keisarriket. Han var ein populær kunstnar, tok ofte del ved store middagar og feiringar. Til dømes sat han då Suezkanalen vart opna i 1869 ved sida av keisarinne Eugénie og Ferdinand de Lesseps, leiaren for bygginga av kanalen. Reisa og opphaldet i Egypt gav opphav til nye motiv, noko som resulterte i fleire av dei beste bileta hans.

Forfattarskapen hans var ikkje like omfattande som målargjerninga. Fromentin skreiv ein einaste roman, Dominique, som gjekk som magasin-føljetong i 1862, før han året etter kom i bok. Elles skreiv han fleire verk om reisene sine i Nord-Afrika. Han skreiv også ein grundig kunsthistorisk studie om dei nederlandske og flamske 1600-talsmålarane, Les maîtres d’autrefois (1876), basert på ei reise i Belgia og Nederland i 1875.

Han vart i samtida mykje beundra for måleria sine, forma i ein stil som viser påverknad frå den eldre landsmannen Eugène Delacroix. Fromentin sine bilete er karakterisert av ein slåande komposisjon, framifrå handlag og ein briljant fargebruk.

Han døydde brått ved La Rochelle i 1876, knapt 56 år gammal.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eugène Fromentin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]