Europameisterskapen på skeiser 1947
Europameisterskapen på skeiser 1947 for menn vart avvikla på Stockholms stadion i Stockholm torsdag 6. og fredag 7. februar 1947. Meisterskapen vart arrangert som liten firkamp, med 3 000 meter i staden for 10 000 m. 27 utøvarar frå 8 land deltok i meisterskapen, av dei fem frå Noreg. Nordmennene var Henry Andreassen, Sverre Farstad, Aage Johansen, Yngvar Karlsen og Leif Martinsen. Deltakarane elles kom frå Danmark, Finland, Nederland, Polen, Storbritannia, Sverige, Tsjekkoslovakia.
Åke Seyffarth frå Sverige vart europameister med stor margin til nummer 2, landsmannen Göthe Hedlund, norske Sverre Farstad kom på tredjeplass. Harald Janemar gjekk fortast på 500 meter, sigeren på dei hine distansane gjekk elles til Seyffarth på 3 000 m, Farstad på 1500 m og Hedlund på 5 000 m.
Skeise-EM 1947[endre | endre wikiteksten]
Plass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
![]() |
Åke Seyffarth | ![]() |
193,186 |
![]() |
Göthe Hedlund | ![]() |
194,807 |
![]() |
Sverre Farstad | ![]() |
195,433 |
4 | Yngvar Karlsen | ![]() |
196,847 |
5 | Harald Janemar | ![]() |
197,083 |
6 | Aage Johansen | ![]() |
197,377 |
7 | Bengt Malmsten | ![]() |
197,406 |
8 | Lassi Parkkinen | ![]() |
198,260 |
9 | Leif Martinsen | ![]() |
198,447 |
10 | Kalevi Laitinen | ![]() |
200,470 |
Dato: 6./7. februar 1947
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Europese kampioenschap schaatsen 1947» frå Wikipedia på nederlandsk, den 6. januar 2021.
- Arbeiderbladet 8. februar 1947