Europameisterskapen på skeiser 2021

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Europameisterskapane på skeiser 2021 i firkamp for menn og for kvinner vart avvikla i Heerenveen i Nederland helga frå 16.-17. januar. 20 menn og like mange kvinner frå 13 land deltok i meisterskapen. Deltakarane kom frå Austerrike, Belarus, Belgia, Danmark, Estland, Italia, Nederland, Noreg, Polen, Russland, Sveits, Sverige, Tsjekkia, Tyskland.

Noreg stilte med tre menn: Hallgeir Engebråten, Peder Kongshaug, Sverre Lunde Pedersen, og tre kvinner: Sofie Karoline Haugen, Ida Njåtun og Ragne Wiklund. Pedersen vart tredjemann, Engebråten kom på femte- og Wiklund på sjetteplass.

Nederlendaren Patrick Roest vart europameister framfor landsmannen Marcel Bosker. Roest var best av alle på 5 000 meter og 1500 m. Pedersen, tredjemann samanlagt, fekk bestetid på 500 m medan svensken Nils van der Poel sigra på 10 000 meter. Antoinette de Jong forsvarte meistertittelen, samstundes som ho vann 1500-meteren. Nummer 2 samanlagt, landskvinna Irene Schouten, gjekk inn til siger på 3 000 meter. På tredjeplass kom Martina Sáblíková, som atter ein gong sterkast av kvinnene på 5 000 meter. Polske Karolina Bosiek var kjappaste kvinne på 500 m

Europameisterskapane i skeisesprint vart arrangert samstundes på same arenaen.

Skeise-EM 2021, menn[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Patrick Roest  Nederland 147,745
Sølv Marcel Bosker  Nederland 149,806
Bronse Sverre Lunde Pedersen  Noreg 149,828
4 Nils van der Poel  Sverige 150,166
5 Hallgeir Engebråten  Noreg 150,172
6 Bart Swings  Belgia 150,520
7 Marwin Talsma  Nederland 150,945
8 Sergej Trofimov  Russland 151,096

Dato: 16.-17. januar

500 meter[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Sverre Lunde Pedersen  Noreg 36,25
Sølv Patrick Roest  Nederland 36,39
Bronse Hallgeir Engebråten  Noreg 36,67
4 Daniil Aldosjkin  Russland 36,70
5 Gabriel Odor  Austerrike 36,74
6 Peder Kongshaug  Noreg 36,79
7 Marcel Bosker  Nederland 36,86
8 Bart Swings  Belgia 36,94


5 000 meter[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Patrick Roest  Nederland 6.10,2
Sølv Nils van der Poel  Sverige 6.13,0
Bronse Marcel Bosker  Nederland 6.15,8
4 Marwin Talsma  Nederland 6.17,1
5 Sergej Trofimov  Russland 6.17,6
6 Bart Swings  Belgia 6.19,7
7 Sverre Lunde Pedersen  Noreg 6.19,9
8 Hallgeir Engebråten  Noreg 6.22,2


1500 meter[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Patrick Roest  Nederland 1.45,53
Sølv Hallgeir Engebråten  Noreg 1.46,14
Bronse Sverre Lunde Pedersen  Noreg 1.46.20
4 Marcel Bosker  Nederland 1.46,66
5 Bart Swings  Belgia 1.47,11
6 Sergej Trofimov  Russland 1.47,37
7 Gabriel Odor  Austerrike 1.47,46
8 Livio Wagner  Sveits 1.47,60


10 000 meter[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Nils van der Poel  Sverige 12.42,8
Sølv Marwin Talsma  Nederland 13.01,0
Bronse Patrick Roest  Nederland 13.03,0
4 Marcel Bosker  Nederland 13.16,2
5 Hallgeir Engebråten  Noreg 13.17,9
6 Bart Swings  Belgia 13.18,0
7 Sergej Trofimov  Russland 13.20,5
8 Sverre Lunde Pedersen  Noreg 13.23,6


Skeise-EM 2021, kvinner[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Antoinette de Jong  Nederland 159,303
Sølv Irene Schouten  Nederland 160,056
Bronse Martina Sáblíková  Tsjekkia 160,320
4 Natalja Voronina  Russland 161,300
5 Joy Beune  Nederland 161,619
6 Ragne Wiklund  Noreg 162,614
7 Jelizaveta Kazelina  Russland 162,651
8 Jevgenija Dmitrijeva  Russland 164,008

Dato: 16.-17. januar

500 meter[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Karolina Bosiak  Polen 38,68
Sølv Jelizaveta Kazelina  Russland 38,84
Bronse Antoinette de Jong  Nederland 38,89
4 Nikola Zdráhalová  Tsjekkia 39,40
5 Ida Njåtun  Noreg 39,61
6 Francesca Lollobrigida  Italia 39,64
7 Joy Beune  Nederland 39,78
8 Natalia Czerwonka  Polen 39,86


3 000 meter[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Irene Schouten  Nederland 3.57,9
Sølv Natalja Voronina  Russland 3.58,6
Bronse Antoinette de Jong  Nederland 4.02,1
4 Martina Sáblíková  Tsjekkia 4.02,3
5 Joy Beune  Nederland 4.03,1
6 Ragne Wiklund  Noreg 4.04,3
7 Jevgenija Dmitrijeva  Russland 4.05,5
8 Jelizaveta Kazelina  Russland 4.06,0


1500 meter[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Antoinette de Jong  Nederland 1.54,83
Sølv Jevgenija Dmitrijeva  Russland 1.55,49
Bronse Joy Beune  Nederland 1.55,89
4 Martina Sáblíková  Tsjekkia 1.56,17
5 Jelizaveta Kazelina  Russland 1.56,64
6 Nikola Zdráhalová  Tsjekkia 1.56,87
7 Ragne Wiklund  Noreg 1.56,94
8 Irene Schouten  Nederland 1.57,00


5 000 meter[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Martina Sáblíková  Tsjekkia 6.53,2
Sølv Irene Schouten  Nederland 6.55,3
Bronse Antoinette de Jong  Nederland 6.57,7
4 Natalja Voronina  Russland 7.00,6
5 Joy Beune  Nederland 7.06,7
6 Ragne Wiklund  Noreg 7.09,0
7 Jelizaveta Kazelina  Russland 7.19,1
8 Jevgenija Dmitrijeva  Russland 7.27,3


Kjelder[endre | endre wikiteksten]