Ragne Wiklund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragne Wiklund


Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. mai 2000 (23 år)
Oslo
Idrett lengdeløp på skeiser, orientering
Tok del i

Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 5000 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 1500 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 1000 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – Lagtempo kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 3000 meter kvinner

Utmerkingar

Egebergs Ærespris

Ragne Wiklund (fødd 9. mai 2000) er ein idrettsutøvar frå Oslo som tevlar i orientering og skeiseløp. Ho vann gullmedaljen på 1500 meter under VM på skeiser 2021/Enkeltdistansar og på 3000 m under Enkeltdistanse-VM 2023. Wiklund er medlem i Aktiv skøyteklubb og Nydalens Skiklubb.

Wiklund overraska stort då ho 14. februar 2021 skreid inn til siger på 1500 meter ved verdsmeisterskapen på enkeltdistansar i Heerenveen. Under Vinter-OL 2022 i Beijing enda ho på femteplassen både på 3000 m og 5000 m. Ho vann sitt fyrste verdscupløp den 11. november 2022, då på 3000 meter i Stavanger. Sidan i 2022/23-sesongen vart det tre verdscuptriumfar på 3000 meter og ein på 1500 m. I Skeise-EM 2023Hamar vart ho nummer 2, Antoinette de Jong frå Nederland vart europameister. Under verdsmeisterskapen 2023 enkeltdistansar i Heerenveen tok Wiklund gullmedaljen på 3000 m og ho fekk sølv på såvel 1500 m som på 5000 m. I november-desember 2023 vann ho tre 3000-meterar i verdscupen.

Wiklund sprang i 2020 Nydalens Skiklubb inn til gull på stafetten under noregsmeisterskapen i Malvik. Ved NM i orientering 2022/langdistanseØstre Toten sikra ho seg bronsemedaljen.

idrettstinget sommaren 2023 vart Wiklund tildelt Egebergs Ærespris for sine prestasjonar i på skeiser og i orientering.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]