Paradis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Paradis (fleirtyding).
Enee møter far sin i Elysion. Måleri av Sebastien Vrancx.

Paradis viser til ulike førestillingar om ein lukkeleg stad, ofte knytt til eit liv etter døden. Ordet blei brukt i greske omsetjingar av Det gamle testamentet om hagen i Eden, staden der dei første menneska opphavleg levde. I jødiske, kristne og muslimske tekstar er ordet brukt om ein stad der dei salige skal opphalda seg etter døden, ofte kjend som Himmelen. Også i andre religionar finst liknande paradisomgrep, som Elysion blant dei gamle grekarane, Dei lukkelege øyane blant keltarar eller Garothman, 'songens hus', blant parsarar.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

«Glimpse of Paradise» (2008) av Marie Balian.

Ordet «paradis» stammar frå norrønt paradís som kjem frå latin paradisus av gresk parádeisos (παράδεισος). Opphavleg kjem ordet frå gammalpersisk pairi-daeza, 'hage, park'.

semittiske språk finst ordet som pardesuakkadisk, firdaws (فردوس) på arabisk, pardaysa (ܦܪܕܝܣܐ) på arameisk og pardeshebraisk.

I overført tyding kan ein også kalla om ein perfekt stad å vera for «eit paradis», til dømes «eit paradis for fugleelskarar» eller «eit sommarparadis». Slike stader eller opplevingar kan også omtalast som «paradisiske».

Ulike stader og levande vesen har fått namn med «paradis» i seg. I Noreg har ein til dømes bydelane Paradis i Bergen og Paradis i Stavanger. Paradiseple er eit anna namn for granateple. Både paradisfisk og paradisfugl er kjende for sine gilde fargar.

Paradis i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Paradise Lost, norsk Det tapte paradis, er eit kjent episk dikt frå 1667 av den engelske forfattaren John Milton.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]