Even Larsen Loreng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Even Larsen Loreng
Fødd 29. september 1852
Veldre
Død

5. mars 1942
Strinda

Even Larsen Loreng (29. september 18525. mars 1942) var ein norsk offiser og gardbrukar, fødd i Veldre i Ringsaker. Han var stortingsmann frå valkrinsen Strinda i perioden 1910-12.

Loreng var son til ein gardbrukar. Etter han tok eksamen ved underoffiserskulen til artilleriet i 1875, underviste han på same skulen åra 1877-79. Han steig i gradane til sersjant 1877, furer 1885, kommandersersjant 1889 og stykjunker 1894. Frå 1888 til -99 var han tilsett i Statens vegvesen. I 1899 kjøpte han garden Stavne i Strinda, og dreiv denne i lang tid. Loreng var medlem i Strinda heradsstyre frå 1905, varaordførar frå 1908. Han var styreformann i Strinda Sparebank, og hadde elles mange verv.

Perioden 1910-12 representerte Loreng einmannskrinsen Strinda og partiet HøgreStortinget, der han var medlem i Vegkomiteen. I 1910-sesjonen var han permittert, grunna sjukdom, i dagane frå 23. mai til 12. juli.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]