Hopp til innhald

Eyðgunn Samuelsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eyðgunn Samuelsen

FøddEyðgunn Jana Henriksen
23. mai 1959 (65 år)
Sørvágur
Statsborgar avFærøyane
PartiJavnaðarflokkurin
Yrkelærar, politikar
VervSosialminister på Færøyane 15. september 2015–16. september 2019
FøregangarAnnika Olsen
EtterfylgjarElsebeth Mercedis Gunnleygsdóttur
VervLagtingsmedlem 8. desember 2022–
Verv4. februar 2008–31. august 2019
Alle verv
  • Færøyenes sosialminister (2015–2019) Sjå dette på Wikidata

Eyðgunn Jana Samuelsen (fødd 23. mai 1959 i Sørvágur) er ein færøysk lærar og sosialdemokratisk politikar som representerer partiet Javnaðarflokkurin.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Samuelsen er dotter av Anton og Ann Henriksen i Sørvágur. Ho gjekk realskulen i Sørvágur og tok høgare førebuande eksamen (HF) ved Føroya Studentaskúli og HF-skeið i Tórshavn i 1978. Samuelsen er utdanna cand.mag. i statsvitskap og historie frå Roskilde Universitetscenter frå 1992. Ho har vore tilsett som lærar ved den tekniske skulen i Klaksvík sidan 1987, unntatt perioden 2000–2003, då ho var avdelingsleiar for vidaregåande opplæring i Kulturdepartementet. Ho er gift med Jóan Hendrik Svabo Samuelsen, som har vore direktør i den færøyske sosialforsorga.[1]

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Som ung hadde Samuelsen styreverv i ungdomslaget i Sørvágur og dei færøyske studentorganisasjonane. Ho melde seg inn i Javnaðarflokkurin i 1988. Ho var styremedlem ved sjukehuset i Klaksvík 1990–1992 og medlem av den færøyske likningsnemnda 1992–1996. I 1997 blei ho vald inn i kommunestyret i Klaksvík.[1]

Samuelsen har vore innvald på Lagtinget sidan 2011, etter å ha møtt fast for minister Helena Dam á Neystabø 2008–2011. Ho har heile tida vore medlem av Lagtingets finanskomité. Ho var formann i den sosialdemokratiske lagtingsgruppa frå 2011[2] til ho blei utnemnd til sosialminister i regjeringa til Aksel V. Johannesen i 2015.[3] Samuelsen gjekk av saman med resten av regjeringa etter valet i 2019. Jónleif Johannesen møtte i hennar stad på Lagtinget så lenge ho var medlem av regjeringa. Ved lagtingsvalet i 2019 mista Javnaðarflokkurin eitt mandat, og Samuelsen blei 1. vara til Lagtinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Um meg» (på færøysk). Eyðgunn Samuelsens nettsted. Arkivert frå originalen 12. november 2014. 
  2. «Eyðgunn Samuelsen forkvinna í tingbólkinum» (på færøysk). portal.fo. 24. februar 2011. Henta 24. april 2011. [daud lenkje]
  3. «Eyðgunn Samuelsen» (på færøysk). Løgtingið. Arkivert frå originalen 9. august 2011.