Hopp til innhald

Annika Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Annika Olsen

Foto: Magnus Fröderberg/norden.org

Fødd13. mars 1975 (49 år)
Tórshavn
Statsborgar avFærøyane
PartiFólkaflokkurin (2000; 2022), Tjóðveldisflokkurin (november 2022)
Yrkelærar, politikar, symjar
FarJákup Olsen
Alle verv
  • medlem av Færøyenes lagting (2008–)
  • Færøyenes indreminister (2008–2011)
  • Deputy Prime Minister of the Faroe Islands (2011–2015)
  • Færøyenes sosialminister (2011–2015)
  • Tórshavns borgermester (2017–2021) Sjå dette på Wikidata

Annika Olsen (fødd 13. mars 1975) er ein færøysk politikar. Ho representerer frå 2022 partiet Tjóðveldisflokkurin på det færøyske Lagtinget. Ho har tidligare sete på Lagtinget frå 2008 til 2021, då som representant for Fólkaflokkurin. Ho har også vore innanriksminister og sosialminister i den færøyske regjeringa frå 2008 til 2015 og borgarmeister i Tórshavn frå 2017 til 2020.

Familie, yrke og idrett

[endre | endre wikiteksten]

Olsen blei fødd i Tórshavn, men vaks opp i Vágur. Ho er dotter av skipsreiaren, rektoren og lagtingsmannen Jákup Olsen og kona hans Marna Holm.[1][2][3] Tidlegare undervisingsminister Óli Holm er morbroren hennar.[1]

Olsen er cand.mag. med mellomfag i dansk språk og litteratur og mellomfag i religionsvitskap i tillegg til exam.art. med bifag i færøysk språk og litteratur. Ho har undervist ved Føroya Handilsskúli, Føroya Studentaskúli og HF-skeið og Føroya Læraraskúli i Tórshavn.[3]

Olsen var med på det færøyske landslaget i symjing frå 1988 til 1995. Ho spelar også fiolin.[3]

Politisk arbeid

[endre | endre wikiteksten]
Valplakat i Vágur i 2015.
Foto: Eileen Sandá

Olsen var medlem av Tórshavn kommunestyre frå 2004 til 2008.[3] I 2008 blei ho vald inn på Lagtinget, og i 2011 blei ho attvald med flest personlege røyster på partilista til Fólkaflokkurin. Hausten 2008 blei Olsen innanriksminister i den fyrste regjeringa til Kaj Leo Johannesen. Óli Breckmann møtte i Olsen sin stad på Lagtinget.

Som innanriksminister ønskte Olsen å effektivisere drifta i kommunane. I 2009 sette ho i gong eit granskingsarbeid for ei kommunereform,[4][5] som enda i ei folkeavrøysting om kommunesamanslåingar samstundes med kommunestyrevala i 2012. Ingen kommunar fekk eit fleirtal i folkeavrøystinga for å slå seg saman. Olsen stod for ei reform av politi- og sysselmannsetaten som let dei seks syslane bestå, men minska til fem sysselmenn, fordelte på tre politidistrikt.[6][7]

Den 6. april 2011 trekte Fólkaflokkurin seg ut av regjeringssamarbeidet, og Olsen gjekk tilbake til Lagtinget. Etter lagtingsvalet i 2011 danna dei borgarlege partia regjering, og Olsen blei sosialminister og visestatsminister. Regjeringa tapte fleirtalet ved lagtingsvalet i september 2015.

Valet betydde også eit tilbakeslag for den meir liberale hovudstadsfløya i partiet, som hadde ønskt Olsen som partiformann. Olsen blei den einaste lagtingsmedlemmen frå partiet frå Tórshavn. Ho melde seg ut av partiet nokre dagar etter valet.[8] Ho var medlem av Framsókn i tre dagar, men melde seg ut og søkte permisjon frå Lagtinget.[9] Den 4. februar 2016 kom ho tilbake til Fólkaflokkurin og tok sete på Lagtinget.[10]

I 2016 blei Olsen igjen vald inn i Tórshavn kommunestyre; i samarbeid med Tjóðveldisflokkurin og Framsókn blei ho vald til borgarmeister for perioden 2017–2020.[11][12]

Olsen møtte som varamedlem på Lagtinget frå 2019 til 2021, då Fólkaflokkurin trekte to av sine ministrar ut av regjeringa for å hindre at Olsen røysta mot regjeringa i ei barnelovgjevingssak. Ho ønskte, i motsetnad til regjeringa, å gje foreldrerettar til likekjønna par. Konflikten mellom Olsen og partileiinga blei sett på spissen, og varte ved i året som følgde.[13][14] I november 2022 meldte Olsen seg ut av Fólkaflokkurin og stilte til valg for Tjóðveldi.[15][16]

  1. 1,0 1,1 Dahl, Árni (2002). «Ævisøgur». Løgtingið 150 – Hátíðarrit (PDF) (på færøysk) 2. Løgtingið. s. 288 og 332. ISBN 978-99918-966-5-6. Arkivert frå originalen (PDF) 4. januar 2014. 
  2. «Annika Olsen» (på færøysk). Fólkaflokkurin. Arkivert frå originalen 14. mars 2012. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Landsstýrisfólk» (på færøysk). Løgmansskrivstovan. Arkivert frå originalen 27. februar 2012. 
  4. Dam, Rigmor (16. januar 2009). «Nú skal kommunumálið loysast» (på færøysk). portal.fo. Henta 20. juli 2009. [daud lenkje]
  5. Johannesen, Johnsigurd (9. juli 2009). «Álitið um kommunusamanlegging seinkað tveir mánaðir» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Henta 20. juli 2009. [daud lenkje]
  6. Frederiksen, Leivur (1. mai 2009). «Seks sýslur, men neyvan seks sýslumenn» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Arkivert frå originalen 2. mai 2009. Henta 20. juli 2009. 
  7. «Sýslumenninir eru nú settir» (på færøysk). portal.fo. 27. april 2010. Henta 24. august 2010. [daud lenkje]
  8. Lindenskov, Eirikur (10. september 2015). «Eygleiðing: Annika Olsen fer í Framsókn» (på færøysk). in.fo. Arkivert frå originalen 21. oktober 2015. 
  9. Bertholdsen, Áki (20. september 2015). «Annika Olsen tekur seg úr Framsókn!» (på færøysk). in.fo. Arkivert frå originalen 25. oktober 2015. 
  10. Mohr, Bjarni (4. februar 2016). «Eftir 145 dagar: Nú er hon aftur í Fólkaflokkinum» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Arkivert frå originalen 5. februar 2016. 
  11. Johannesen, Johnsigurd (9. november 2016). «Annika Olsen verður nýggjur borgarstjóri í Havn» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Arkivert frå originalen 10. november 2016. 
  12. Hansen, Uni L. (30. desember 2016). «Nú er Annika Olsen borgarstjóri í Havn» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Henta 31. desember 2016. 
  13. Egholm, Sverri (5. januar 2022). «Annika Olsen: Fólkaflokkurin brúkar diktatur og valdsmisnýtslu» (på færøysk). dagur.fo. Henta 9. november 2022. 
  14. Lindenskov, Eirikur (10. november 2022). «Fólkaflokkurin er í upploysn». Sosialurin (på færøysk). in.fo. Henta 10. november 2022. 
  15. Egholm, Sverri (10. november 2022). «Annika Olsen meldað seg úr Fólkaflokkinum» (på færøysk). dagur.fo. Henta 13. november 2022. 
  16. Hansen, Uni L. (14. november 2022). «Annika Olsen stillar upp fyri Tjóðveldi» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Arkivert frå originalen 14. november 2022. Henta 14. november 2022.