Fåberg prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°9′41.84″N 10°21′56.78″E / 61.1616222°N 10.3657722°E / 61.1616222; 10.3657722

Våningshuset på Fåberg prestegard
Foto: Jan-Tore Egge

Fåberg prestegard ligg om lag 300 meter vest for Fåberg kyrkje. Det har vore prestegard på staden sidan mellomalderen[1]. Det fiskarkapellet som no står på Maihaugen, vart ifylgje tradisjonen flytta til prestegarden frå Øyra ved Gudbrandsdalslågen omkring reformasjonen.[2] Bygningen stod her til Anders Sandvig kjøpte materialane og flytta han.

Prestegardsbygningane av i dag er av noko nyare dato. Våningshuset frå 1838 og stabburet frå 1898 er freda.[3] Våningshuset er i dag forpaktarbustad etter at ein tidlegare forpaktarbustad vart riven i samband med ei veiutviding, og presten har fått ny bustad.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fåberg prestegard

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skre (1988), s. 67
  2. Skre (s. 69) viser til ei innskrift i kallsboka for Fåberg frå 1759 som han tolkar som ei intern flytting av kapellet på prestegardstomta.
  3. Kulturminnesøk.
  4. Opplysningsvesenets fond, arkivert frå originalen 4. september 2018, henta 4. september 2018