Fès

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fès (Fas, ⴼⴰⵙ, فاس)
by
none
Land Flag of Morocco.svg Marokko

Fès (også skrive Fez) er ein by i Marokko som har 946 800 innbyggjarar (2004). Han ligg ved elva Oued Fès, rett ovanfor samanløpet hennar med Oued Sebou. Byen ligg ved eit møtepunkt for fleire handelsvegar, og er eit viktig historisk sentrum for handel og handverk. Han var også tidlegare sentral i den muslimske verda som eit kulturelt sentrum. Gamlebyen i Fès er rekna som verdsarv av UNESCO.

Byen har gjeve namn til hovudplagget fess, som tradisjonelt blei laga i området.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fès er den eldste av dei fire kongebyane i Marokko. Han blei grunnlagt om lag 789 av kong Idris I. Byen hadde ei stordomstid på 1100-talet, då han blei rekna som den heilagaste byen i islam etter Mekka. Fès hadde då rundt 400 000 innbyggjarar. I mellomalderen då Fès var marokkansk hovudstad var han ein av dei viktigaste byane i den muslimske verda. Han var kjend for byggverka og lærestadene sine. Ein ny bydel, Fès el-Jedid, blei grunnlagd på 1200-talet.

På slutten av 1500-talet byrja ei nedgangstid for byen som gjorde slutt på den leiande stillinga hans. Ved eit opprør bad sultan Hafiz om hjelp frå Frankrike, og franske troppar rykte inn i Fès 1911. Traktaten i Fès frå 1912 førte til opprettinga av eit fransk protektorat i Marokko. Ein moderne bydel, Ville Nouvelle, blei anlagt av franskmennene utanfor den gamle bykjernen i 1916. Her bygde ein jernbanestasjon og utvikla industriområde. I dag har Fès også ein internasjonal flyplass. Byen har to universitet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Elva Oued Fès skil gamlebyen Fès el-Bali i nord frå nybyen Fès el-Jedid i sørvest. Begge er omgjevne av bymurar og gjennomskorne av tronge, kronglete gater. I den verdsarvlista gamlebyen finst dei viktigaste handelskvartera, Mulaj Idris-moskeen og den store Karaouine-moskeen frå 859, som er rekna som den eldste i Afrika. Her ligg også det gamle og vidkjende Universitetet ved al-Karaouine, grunnlagd same året. I Fès el-Jedid finst mellom anna sultanpalasset og ein stor moské. Her ligg også det jødiske kvarteret i byen. I Ville Nouvelle ligg jernbanestasjonen og dei viktigaste industriområda i Fès.

Byen har fleire industriar som tekstil av ull og bomull, garving, lêr, teppe, næringsmiddel, såpe og våpen. Vassføringa i Oued Fès gjer at ein kan vatna også om sommaren, og det finst rikeleg med frukthagar og olivenlundar rundtom Fès. Hovudplagget fess blei opphavleg farga av bær frå dette området.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fès

Kjelder[endre | endre wikiteksten]