Berbiske språk
| Berbiske språk tutlayin timaziɣin | ||
| Klassifisering | afroasiatiske språk berbiske språk | |
| Bruk | ||
| Tala i | Marokko, Algerie, Tunisia, Libya, Egypt, Niger, Mali, Tsjad, Burkina Faso og Frankrike. | |
| Område | Magreb | |
| Berbiske språktalande i alt | om lag 20-25 mill. | |
| Rangering | — | |
| Skriftsystem | Arabiske eller latinske bokstavar | |
| Offisiell status | ||
| Offisielt språk i | — | |
| Normert av | — | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-2 | ber | |
Berbiske språk (tamazight: tutlayin timaziɣin, skreve med tifinagh: ⵜⵓⵜⵍⴰⵢⵉⵏ ⵜⵉⵎⴰⵣⵉⵖⵉⵏ, fransk: langues berbères) er ei språkgruppe som høyrer inn under afroasiatiske språk. Dei ymse tamazightiske språka vert tala over heile Maghreb, frå Kanariøyane (no utd.) i vest, til Egypt i aust og Burkina Faso i sør.
I Europa vart ordet «berbar» ofte nytta.[1] Dette ordet stammar frå det greske ordet bárbaroi βάρβαροι, som opphavleg tydde utlending som tala eit uskjøneleg språk, men som etter kvart kom til å tyda ein ukulturert og/eller ukunnig person. Under romersk okkupasjon av Nord-Afrika vart ordet bárbaroi latinisert, til barbari. Då arabarane innvaderte Magreb, arabiserte dei ordet til al-barbar البربر, noko som franskmennene igjen galloiserte til berbères då dei okkuperte området.[treng kjelde]
Det er om lag 20–30 ulike språk i denne gruppa (litt etter korleis ein reknar), som for det meste ikkje er innbyrdes forståelege.
Klassifisering av berbiske språk
[endre | endre wikiteksten]

Å klassifisere dei individuelle tamazightiske språka er ikkje lett, noko som har gjeve seg utslag i at klassifiseringa har variert ein god del det siste hundreåret. For tida verkar det som det er rimeleg semje om følgjande klassifisering:
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Språkrådet har vedteke at det skal heite berbar på nynorsk, med adjektivet berbisk.