Førnesbrunen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Minnesmerke over Førnesbrunen ved søkket der han døyde, ikkje langt frå Rauland kyrkje

Førnesbrunen er ei historisk segn frå Telemark. Segna er tidfest til Svartedauden eller Den store mannedauden, og stadfest til eigna kring Rauland og Møsstrond, særskild garden Førnes som framleis ligg ved Møsvatn. Til segna høyrer det og ein slått, gangar i 2/4-takt, som har vore mykje nytta i Telemark, men som og finst i mange variantar utanfor dei nemnde bygdene.

Segna[endre | endre wikiteksten]

Då Svartedauden kom til Noreg, for drepsotta særleg hardt fram mot bygdene i Øvre Telemark.

Førnesbrunen var ein usedvanleg hest – han var særs stor og sterk, og samtidig klok utover det vanlege. I tidlegare år var det tre kyrkjesokn på Møsstrond, men det var ikkje lenger ei einaste kyrkje att når svartedauden nådde området. Då måtte alle som bøta med livet, fraktast til Rauland kyrkje, og leggjast i jord der. Vegen var lang og lika var mange – og det var Førnesbrunen som måtte frakte dei alle over Falkeriset og heilt til Rauland. Turane blei mange, og Førnesbrunen såg korleis livet der oppe døydde ut litt etter litt. Til slutt blei også eigaren til gampen sjuk – og Førnesbrunen gådde at det ikkje lenger var att ei levande sjel kringom han. Dei la da ut på ei siste reis, med den døyande bonden på Førnes på slep, for å få lagt den bonden som hadde stelt så godt med han i alle år, i vigd jord når han snart skulle døy. Han hadde gått vegen så tallaust mange gonger, at han kunne gå han på eiga hand. Men det var midt på hardaste vinteren og terrenget var ulendt. I ein intens kamp sleit Førnesbrunen seg nok ein gong over Falkeriset og heilt til Rauland kyrkje. Der stod det nokre karar - som vanleg klare til å ta imot dei siste offera frå Møsstrond. Dei lempa av bonden, som hadde sovna inn på ferda, og gav Førnesbrunen eit klapp bak for å signalisere at han på ny kunne fara heim og hente dei neste som måtte fraktast. Men for fyrste gong var hingsten motviljug – han ville ikkje reise att, vel vitande om at det ikkje lenger var noko å koma heim til. Men karane på Rauland hadde ikkje fått nyss om det, og truga gampen til å koma seg av stad. Ei god stund seinare høyrde dei eit veldig vrinsk ovantil fjella. Nokre kloke hovud skjøna alvoret og kven som truleg kalla på dei. Dei fór oppover etter faret til hesten, og fann han til slutt på Falkeriset. Der stod han bergande fast og nedsnødd, med eine foten godt sokke ned i den djupe snøen. Han hadde mista eine trugen, og ikkje eingong den kraftige hingsten, kunne hjelpe seg sjølv ut av nauda. Karane frå Rauland hjelpte hesten opp, men Førnesbrunen var tydleg redusera etter han hadde kava i snøføyka. Då oppdaga dei at Møsstrond no låg stilt og aude, og dei vende om og tok Førnesbrunen med seg.

Førnesbrunen var utsliten og han hadde også skada seg. Då dei kom attende til Rauland kyrkje, sokk han heilt utmatta saman ute på kyrkjegarden og sovna inn. Den harde dødskampen og dei mange tunge taka, hadde leita for mykje på den gjeve gampen – og med det tok den svartkledde kvinna knekken også på han. Staden Førnesbrunen la seg ned på, har etter dette heitt Hestedøkkji, til minne om den edle hesten.

Etterkvart busette det seg nye folk på Møsstrond. På garden Førnes fann dei, nokre hundreår etter, ein uvanleg stor hestesko. Han var eit kvart alen brei mellom hakene, og det er truleg at denne høyrde til Førnesbrunen, då det ikkje hadde vore hest der på garden sidan hans tid. Segna om Førnesbrunen var like sterk som hesten sjølv, og historia rørte ved Telemarksfolket. Slik blei det etterkvart dikta ein slått om han. Minnet om Førnesbrunen blei fyrst spela på langeleik, bukkehorn og munnharpe, og seinare overført til hardingfele.

I denne vemodige gangaren, høyrer ein ferda til Førnesbrunen; Pinslene han kjempa seg gjennom, nauda han opplevde på ferda, dødskampen i snøkavet og vrinska som nådde heilt til Torvetjønn på Rauland. Og i enden høyrer ein kyrkjeklokker som kalla både befolkninga og Førnesbrunen sjølv til si siste kvile.

Slåtten[endre | endre wikiteksten]

Eigen artikkel om gangaren Førnesbrunen

Slåtten som er knytt til segna er ein gangar i 2/4-takt, som finst i ei lang rekkje utformingar over heile hardingfeleområdet. Dei mest kjende formene, som ber namnet etter segna, har ofte vore spela som lyarlæte. Einar Løndal bygde ut slåtten slik at han la inn rytmen frå sælety og hestetramp i slåtten. I alt er det 22 variantar av slåtten.

Tonalt høyrer slåtten heime i nytida og er helst spela på Oppstilt bass. Difor reknar ein til vanleg med at segna er knytt til slåtten på eit seinare tidspunkt (tonekjensla i mellomalderen var stort sett ein annan). Det har og vore framlegg om at hendinga er knytt til ei seinare pestbølgje, som det var mange av fram til 1600-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Samlaren Rikard Berge skreiv ned ei rekkje variantar av denne segna kring 1910. Den eldste nedskrifta av segna vart gjort alt i 1847, og det finst ein variant hjå Landstad. Brynjulf Alver skriv følgjande kommentar:

«Det er lite historisk i denne segna, og slåtten om Førnesbrunen er truleg mykje yngre enn svartedauden. Den einaste kimen av historisk sanning som ligg i segna er at folk har halde fast på minnet om at mannedauden kom til Telemark om vinteren». (Alver: Historiske segner og historisk sanning, Norveg 1962).

Det tykkjest rimeleg at segna var vidt kjend i heile Telemark, og på grunn av spelemannstradisjonen. Berge trykte opp segna i to vender:

  • Norsk bondeliv i segn og soge, Kristiania 1910
  • Førnesbrunen i norsk folkekultur, 1935.

Segna kan og lesast i boka Norske Segner av Olav Bøe.