Fabrice Guy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fabrice Guy
Course spécialment - champions médaillés d'Albertville.jpg
Fødd 30. desember 1968
Pontarlier
Yrke kombinertløpar
Fabrice Guy på Commons

Fabrice Guy (fødd 30. desember 1968) er ein fransk tidlegare kombinertløpar frå Pontarlier. Han vart olympisk meister i øvinga i 1992 og tok bronsemedaljen i verdsmeisterskapen på ski i 1997. Med Frankrikes kombinertlag fekk han ein sølvmedalje i VM 1991 og ein bronsemedalje i OL 1998.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I sin fyrste sesong i verdscupen i kombinert oppnådde Guy midt i januar 1987 ein sjuandeplass. Året etter deltok han i OL i Calgary, og hamna på 20. plass. Han stod fyrste gong på verdscuppallen i mars 1989 i Lake Placid i USA, der han hadde berre Trond Arne Bredesen og Klaus Sulzenbacher føre seg. Gjennom 1990-sesongen etablerte Guy seg i verdseliten i kombinert, med ein andreplass og ein tredjeplass midt i januar som største prestasjonane.

Guy kom på 13. plass i den individuelle øvinga under verdsmeisterskapen i Val di Fiemme i 1991, men gjekk så Frankrikes tremannslag inn til sølvmedalje i lagkonkurransen. I 1992 var Guy den beste kombinertrennaren i verda. Gjennom sesongen vann han seks verdscuprenn, frå Strbske Pleso midt i desember månad til Holmenkollen midt i mars månad. Under vinter-OL på fransk heimebane i Albertville toppa han sesongen med å vinne OL-gullet i kombinert, landsmannen Sylvain Guillaume syrgde for at det vart fransk dobbeltsiger.

Etter jubelsesongen 1992 makta ikkje Guy å kome på sigerspallen i individuelle tevlingar i verdscupen, ein fjerdeplass i St. Moritz den 16. desember 1995 vart han beste plassering. I verdsmeisterskapen i Falun i 1993 vart han nummer 16, året etter vart han nummer 17 i OLLillehammer. Han overraska med å ta bronsemedaljen i VM 1997 i Trondheim. Under dei olympiske leikane i 1998 gjekk han sisteetappen for det franske laget som tok bronsemedaljen i lagkonkurransen under olympiaden i Nagano.

Guy la opp som kombinertløpar etter 1999-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar