Fagert er landet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tidi ho renn som elv mot os,
Fort skiftar sumar med vetter.
Fader, ver alltid Noregs los,
Radt til dei seinaste ætter;

Frå 4. verset av salmen, etter Nynorsk Salmebok

Fagert er landet er ein norsk salme og fedrelandssong, skriven av Anders Hovden og utgjeven i 1907.

Songen vart fyrste gongen trykt i diktsamlinga Solhov, under overskrifta «I kyrkja», i 1907, men Anders Hovden har sagt at songen vart skriven mykje tidlegare.[1] I 1911 sende han salmen til Gustav Jensen, i håp om at han skulle komme med i den nye salmeboka han arbeidde med. Gustav Jensen tok han likevel ikkje med i sitt framlegg i 1915, men i Landstads reviderte salmebok kom songen med, med fem vers, som i Nynorsk salmebok og Norsk Salmebok.

Anders Hovden skreiv songen til ein tone av L.M. Lindeman, den same tonen som vert nytta til salmen «Kyrkja ho er eit gamalt hus». Dette var den norske tonen, sa Hovden, i motsetnad til tonen av Melchior Vulpius frå 1609, som oftest vart nytta. Heilt mot slutten av livet, etter ei gudsteneste i Melhus i 1942, skal Hovden likevel ha vedgått at den tonen som vart nytta i kyrkja, høvde godt til songen.

Konjunktiv eller imperativ[endre | endre wikiteksten]

Signe då, Gud, vårt folk og land,
signe vårt strev og vår møda,
signe kvar ærleg arbeidshand,
signe vår åker med grøda!

Frå 5. verset av salmen, etter Den nynorske songskatten

I sisteverset brukte Hovden konjunktivforma Signe, slik han òg brukte forma varde i fjerdeverset. I Nynorsk salmebok, som Hovden var med å redigere, vart den audmjuke konjunktivforma bytta ut med imperativ: signa, varda. Sidan har denne verbforma vore bruka i salmebøkene og i mange songbøker. Hovden sjølv heldt likevel på konjunktivforma då han gav ut Dikt i utval i 1937.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Etterjulsvinteren 1906 er meir rimeleg», skriv Terje Aarset i Den nynorske songskatten, og held fram: «Full visse om når diktet er skrive, får vi nok aldri, sidan kladden ikkje er datert.» Aarset viser vidare til at sonen Øysten Hovden heldt på vinteren 1907 som rett tidspunkt.
  2. Terje Aarset i Den nynorske songskatten (Fagbokforlaget 2009) ISBN 978-82-450-0905-7