Gustav Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gustav Jensen
Fødd 13. juli 1845
Død

2. november 1922

Yrke prest, salmediktar, hymnologist
Kongeparet vert motteke av stiftsprost Gustav Jensen utanfor Oslo domkytrkje i 1905.

Gustav Margerth Jensen (13. juli 18452. november 1922) var ein norsk stiftsprost, hymnolog, salmediktar og prestelærar. Hanvart fødd i Drammen, men fekk sin første skolegang i Arendal. Han er mest kjend for å ha leia revisjonsarbeidet som resulterte i Landstads reviderte salmebok.

Gustav Jensen tok teologisk embetseksamen i 1868. Ei tid var han folkehøgskolelærar i Skoger før han i 1874 vart kapellan i Vestre Aker, sidan Gamle Aker, Trefoldighetskyrkja og i 1902 stiftsprost i Kristiania og sokneprest i Vår Frelser menighet.

I 1911 tok han avskil for å kunne bruke all si tid på arbeidet med revisjon av kyrkjesalmeboka, eit oppdrag han hadde fått ved kongeleg resolusjon i 1908. I 1915 la han fram sitt Forslag til en revideret Salmebok for den norske kirke. Framlegget førte til mykje strid. Jensen døydde i 1922, utan å ha fått oppleve at den reviderte salmeboka var teken i bruk. Den vart først endeleg godkjend i 1924, som Landstads reviderte salmebok.

8 av salmane i Norsk salmebok er skrivne av Gustav Jensen. I tillegg har han omsett 12, blant dei Petter Dass-salmen Herre Gud ditt dyre navn og ære.

Også i Lov Herren Katolsk salmebok er ein av Jensen sine salmar med, i tillegg til 6 av omsetjingane hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]