Fasayil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fasayil
فصايل, al-Fasa'il, Khirbet al-Fasayil
kommune
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Jeriko guvernement
Koordinatar 32°01′30″N 35°26′36″E / 32.02500°N 35.44333°E / 32.02500; 35.44333
Areal 48,0 km²
Folketal 1 078  (2007)
Folketettleik 22 / km²
Grunnlagd 1980-åra
Kart
Fasayil
32°01′30″N 35°26′36″E / 32.025°N 35.443333333333°E / 32.025; 35.443333333333
Wikimedia Commons: Fasayil

Fasayil eller Fasa'il (arabisk skrift فصايل, hebraisk skrift פסאיל) er ein palestinsk landsby nordaust på Vestbreidda i Jeriko guvernement, 14 km nordvest for Jeriko og kring 40 km søraust for Nablus. Den nærmaste palestinsk staden er Duma i vest. Landsbyen ligg nær den israelske busetjinga Petza'el. I følgje ei folketeljing utført av Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) i 2007 hadde landsbyen eit folketal på 1 078.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Fasayil vart kalla «Phasaelis» i antikken.[1] Det gamle namnet kom frå eit tårn som Herodes den store, konge i Judea, bygde i Jordandalen nord for Jeriko for den eldre broren sin Phasael.[2] Dette har gjort at ein har trudd at Herodes grunnla Phasaelis.[3] Han vart nemnt av den jødiske historikaren og kommandanten i den første jødisk-romerske krigen Josefus som ein stad sør for Archelais og var ein del av eit toparki som vart styrt av syster til Herodes, Salome I. Han er òg teikna inn på Madabakartet omgjeve av daddelpalmer.[1][3] Grava til ein eremitt kalla Peter vart funnen i landsbyen i 1949.[1]

Ruinane av eit kloster tileigna den heilage Kyriakos, ein munk som døydde i år 556, ligg i al-Fasayil. Mellom ruinane på staden står ein stor, firkanta bygning på staden, der tuftene no berre så vidt er synleg.[1]

Staden vart nemnt av ein munk kalla Brocardus på 1200-talet som ein liten landsby kalla Pheselch og på 1300-talet av Marino Sanuto d.e. som ein liten landsby kalla Fasaelis.[4]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Den noverande landsbyen Fasayil vart grunnlagd av beduinar, hovudsakleg palestinske flyktningar frå Naqabørkenen i 1980-åra. Mange av innbyggjarane er registrerte som innbyggjarar i Betlehem guvernement og ikkje Jeriko. Fasayil var ein del av Nablus guvernement fram til 1995 då han vart ein del av Jeriko guvernement.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Phasaelis - (Kh. Fasayil) Studium Biblicum Franciscanum - Jerusalem. 2000-12-19.
  2. Josefus, Jewish War 1.21.9;
  3. 3,0 3,1 The Estate of the Southern Jordanelva Virtual Karak Resources Project and Appalachian College Association.
  4. Sharon, Moshe. (1997). Corpus Inscriptionum Arabarum Palaestinae, (CIAP) BRILL, s.201-205.
  5. Report on the Situation of beduin Refugees på Vestbreidda Dei sameinte nasjonane UNRWA. May 2006.