Jeriko guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 32°01′29.72″N 35°26′43.73″E
Jeriko guvernement
guvernement
none
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Region Vestbreidda
Distriktshovudstad Jeriko
Koordinatar 32°01′29.72″N 35°26′43.73″E
Folketal 31 501
Wikimedia Commons: Jericho Governorate

Jeriko guvernement (arabisk محافظة أريحا, Muḥāfaẓat Arīḥā; hebraisk נפת יריחו, Nafat Yeriḥo) er eit av 16 guvernement i Den palestinske sjølvstyresmakta (administrative distrikt) i Dei palestinske territoria. Det ligg aust på Vestbreidda, langs nordsida av Daudehavet og den sørlege Jordandalen ved grensa til Jordan. Guvernementet strekkjer seg vestover til fjella aust for Ramallah og austsida av Jerusalem, inkludert dei nordlege områda av Judeaørkenen. Folkesetnaden i Jeriko guvernement er estimert til å vere 31 501, av dette kring 6 000 palestinske flyktningar i leirar.[1]

Jordbruk er viktig for økonomien i området, særleg i dalen nær Jeriko, som er distriktshovudstad. Jeriko er ofte rekna som den eldste, kontinuerleg busette byen i verda og har mange arkeologiske stader og turistmål.

Elishiaparken er ein oase i Jeriko distrikt med mange frukthagar, palmer og bananplantasjar.[2]

Stader[endre | endre wikiteksten]

Byar[endre | endre wikiteksten]

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Flyktningleirar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Administrative Divisions of guvernement (Jeriko)». Palestinian National Information Centre – Den palestinske sjølvstyresmakta. http://www.pnic.gov.ps/english/geography/Residential_jericho.html. 
  2. «Laureates 1999». World Heritage Centre. http://whc.unesco.org/en/332/.