Fatalisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fatalisme er ein filosofisk tanke eller haldning som føreset at alle handlingar er bestemde på førehand for all tid og at menneske er makteslause til å endra kva som skal skje. Det motsette av fatalisme er anomi.

Fatalisme er ein måte å sjå på verda der fri vilje er ein illusjon og der lagnaden bestemmer. Fatalisme er ei form for determinisme, men der determinisme tyder at alt er fastlagt i eit årsak-verknad-forhold ned til minste detalj ser fatalismen berre for seg dei store linjene som fastlagde, og gjev såleis spelerom for endringar, om enn små.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Fatalism, frå Stanford Encyclopedia of Philosophy (engelsk)