Lagnad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lagnad eller skjebne er eit filosofisk og teologisk omgrep som er knytt til hendingar i tid og historie. Ordet inneber at hendingane er «laga», eller meint, gjerne av ein styrande vilje (Gud). I Abrahamsreligionane er Guds vilje og lagnaden samstilde, medan gudane i eldre mytologiar gjerne sjølve var underlagde lagnaden, som var i hendene på nornene eller moirene (Lagnadsgudinner).

Lagnaden er oftast sett som motsats til fri vilje, og har vore mykje drøfta i grunnleggjande filosofi. Eit nærliggjande omgrep er dom.

Av filosofar som har drøfta lagnaden, kan ein nemne Boethius, som og definerte forsynet, høva til frie val innanfor lagnadsveven.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]