Felden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Felden er eit 1272 meter over havet høgt fjell i Volda kommuneSunnmøre. Fjellet ligg mellom Dalsfjorden i vest og Bjørkedalen i aust. Toppen ligg på ei ganske stor flate. Mot sør er høge flog, frå aust og vest er det godt framkomeleg.

På toppflata har det vore reist eit lite steinhus. I 1823 gav Jakob Persson Bjørkedal ei utgreiing om Felden til bispen i Bergen, Jacob Neumann. Bjørkedal og fleire andre voldingar føretok det året ein tur til topps på Felden. Han fortel at det oppmura steinhuset har vore seks alner langt og fire alner breitt, og har vore tekt av steinheller. Bjørkedal antok at steinhuset kan ha vore eit "Bedehus, hvor man i hedenske Tider tilbad sine Guder og Gudinder, hvilken Formodning ligesom stadfestes ved givne Navne paa de nærmeste staaende Klippetopper. Øst for Felden staar Freiahornet, og i sydøst staar Store- og Lille Toren". Han fortel at tre voldingar besteig Felden bortimot 80 år tidlegare, altså omkring 1745. Den gongen hadde huset stått, men taket hadde falle ned. Desse tre karane, Pål Hesteflot, Rasmus Rangsæter og Ola Sollid undersøkte staden. Dei fann "eendel Folkehaar og Negler, hvorved de betoges af Frygt" og forlet deretter staden omgåande. Bjørkedal fortel at sidan gjekk ingen til topps før enn i 1817. Nokre unggutar gjekk då opp, og "rev meget av Huusets Steene".

Christopher Andreas Holmboe, professor i austerlandske språk, støtta Bjørkedal sine vurderingar i eit foredrag halde i Kristiania i 1870. Han viser til at både buddhistar, hinduar, mongolar og arabarar i tidlegare tider tok vare på hår og neglar. Også Holmboe ser på fjellnamna, og antek at Felden i si tid har vore helga til guden Odin. Og "Asalæren byder til at klippe Neglene paa Liig for at forhale Forfærdigelsen af Skibet Naglefar der gjøres af døde Mænds Negler. Naar det nemlig blev færdigt skulde Verden forgaae".

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Dalsfjord. Volda, 1967.