Hopp til innhald

Femkrone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om femkronemynten. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå femkronesetel.
Framsida til ei femkrone.
Baksida

Femkrone eller femkroning er ein mynt som har vorte utmynta i Noreg som skiljemynt i koparnikkel sidan 1963.

Mynten hadde fram til 1994 på adversen eit portrett av den regjerande monarken. Frå 1998 har adversen hatt bilete av storkrosskjedet til St. Olavs orden med ordensteikn, med omskrifta «KONGERIKET NOREG».

reversen hadde mynten fram til 1994 det norske riksvåpenet og valøren. Sidan 1998 har reversen hatt akantusornamentikk, inspirert av treskjeraren Ole Moene. Denne siste utgåva er prega med sentralt hol.

Einskilde mynter har hatt eit minnemotiv på reversen. Denne mynten har sirkulert som ordinær skiljemynt. Adversen kan ha vore som på dei ordinære myntane, med ein variant av riksvåpenet eller med motiv knytt til jubileet mynten markerer.

ÅrTal pregaTekst (jubileum)
19751 191 813Kronemynt 100 år
19751 222 827Veien mot vest 1825-1875
19782 989 768Hæren 1686-1986
19862 345 500Kongsberg 1686-1986 (Den kongelige mynt 300 år)
1991532 008Sølvskatten grunnlaget for Norges Bank 1816
1995500 000Norsk mynt 1000 år (med bilete av penning)
1995500 000Nasjoner i forening for fred 1945-1995 Trygve Lie
19961 381 909«Fram» over Polhavet 1893-1896
19971 742 073Posten skal fram 1647-1997
Norsk femkronemynt
Myntherre Metall Vekt Sølvvekt Utmynta år Kunstnar
Olav V koparnikkel 11,50 g 1963-1973 Øivind Hansen
Olav V koparnikkel 11,50 g 1974-1991 Øivind Hansen
Harald V koparnikkel 11,50 g 1992-1994 Ingrid Austlid Rise
Harald V koparnikkel 7,85 g 1997- Ingrid Austlid Rise

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]