Femtiøring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Femtiøring eller femtiøre er ein mynt som vart utmynta i Noreg frå 1874 til 2012.

Mynten har på adversen hatt eit portrett av den regjerande monarken, ei riksløve, eller fire kongemonogram mot kvarandre. Under andre verdskrigen hadde mynten på adversen det norske riksvåpenet utan krone, omgjeve av olavsmerket og med teksten «NORGE».

reversen hadde mynten dei to fyrste åra teksten «50 øre/15 sk» og eit riksvåpen, sidan «50 øre» i ulike variantar kombiert med riksvåpen eller kongekrone, før mynten frå 1958 til 1973 hadde biletet av ein buhund og teksten «50 øre-Norge». Frå 1996 hadde reversen hatt bilete av eit fabeldyr frå portalen på Urnes stavkyrkje, og til høgre for motivet teksten «50 ØRE, NOREG» og pregeåret i omskrift. 50-øringen frå 1996 var den fyrste norske mynten med nynorsk tekst.

Frå 1924 til 1951 vart koparnikkel- og nikkelmessing-mynten prega som særskiljemynt med hol midt i mynten. Då dei byrja å prege myntar med hol, vart eldre skiljemyntar i koparnikkel, prega mellom 1920 og 1923, gjennomhola i ettertid.

50-øringen slutta å vere tvunge betalingsmiddel 1. mai 2012 av di han i praksis ikkje lenger sirkulerte som ein ordinær betalingsmynt.[1] Kontant oppgjer vil no avrundast til næraste heile krone.

Norske femtiørar
Myntherre Metall Vekt Sølvvekt Utmynta år Kunstnar
Oskar II sølv 5,00 g 3,00 1874-1904
Håkon VII sølv 5,00 g 3,00 1909-1919
Håkon VII koparnikkel 4,80 g 1920-23,1926-41, 1945-49, 1953-57
Okkupasjonsmynt sink 4,00 g 1943-1945
Håkon VII nikkelmessing 4,80 g 1942
Olav V koparnikkel 4,80 g 1958-1973 Per Palle Storm
Olav V koparnikkel 4,80 g 1974-1991 Øivind Hansen
Harald V koparnikkel 4,80 g 1992-1996 Øivind Hansen
Harald V kopar 3,60 g 1996-2012 Grazyna Jolanta Lindau

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Noregs Bank: «50-øringen fjernes i 2012»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]