Hvid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
1 hvid. Advers til venstre, revers til høgre.

Hvid er ein dansk-norsk mynt som vart slått i perioden 1483 til 1578 etter mønster av tyske witten. Ein hvid var lik 4 penningar. 3 hvid var lik ein skilling.

I Noreg vart dei første hvid-myntane prega i Bergen under kong Hans (1483-1513). Sidan vart det prega hvid-mynt både i Bergen og Nidaros under erkebiskop Gaute Ivarsson, kong Fredrik I og erkebiskop Erik Valkendorf.

Hvid prega i Nidaors vart kalla St. Olavshvid, hvid prega av kongemakta vart kalla kronhvid. Sidan det vart brukt dårlegare metallkvalitet, kunne kunne det utpå 1500-talet gå opp til 6 hvid på ein skilling.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]